/ Padling

16. best i Europa

Norske Dag Sandvik tok ein 16. plass i årets fyste europacupkonkurranse i bratt elvepadling – og han gjekk glipp av sesongstarten heime i Noreg.

Sist oppdatert 3. mai 2017 kl 11.25
NOREGS BESTE: Dag Sandvik i ferd med å padle inn til 16. plass i Pyrinees Buddies Race i Frankrike. Foto: Boudat Gautier
NOREGS BESTE: Dag Sandvik i ferd med å padle inn til 16. plass i Pyrinees Buddies Race i Frankrike. Foto: Boudat Gautier

Dag har sendt ein rapport frå Pyrinees Buddies Race i Frankrike, men før vi går over til Dags innsats tar vi med topp tre-resultata frå sesongstarten heime i Noreg, under XCreek-konkurransen i Ørsta i samband med X2-festivalen. Dette var den fyste av i alt fem konkurransar i årets Norwegian Whitewater Cup:

Herrar:

  1. Armando Ormset Castro

  2. Oddbjørn Flaa

  3. Jack H. McDonald

Kvinner:

  1. Capucine Thomas-Lépine

  2. Nini Bondhus

  3. Nicole Dubé

Sjå film frå konkurransen i Ørsta under artikkelen!

Så fra årets fyste konkurranse i europacupen i bratt elvepadling:

For ei veke sidan vart Pyrinees Buddies Race (populært kalla PBR), den første runden i den nyetablerte Europacupen i ekstrempadling, avhalde i dei franske Pyreneane. Europacupen hadde sitt første prøve år i fjor, og er no styrka med tre nye konkurransar av internasjonal klasse. Først ute i 2017 var altså PBR, ein grasrotkonkurranse som trekker særs mange Franske og Spanske padlarar. I år var 10 nasjonar representert, inkludert ein nordmann, og totalt stod 65 padlarar på startstreken ved breiddene av elva Brousset. Initiativtakar og lokal helt, Eric Deguil, fortel at motivasjonen deira var å skape eit internasjonalt race i «heimeelva»:

– Me såg at ekstrem-utforkunkurransar dukka opp over heile Europa. Eg hadde vore med på både Green Race i USA og fleire av konkurransane i Europa, og vart fast bestemd på skape noko sånt i bakgarden vår. 

No er PBR veletablert i kajakkverda og er med i den europeiske cupen. Men det som vert definert som ekstrempadling har føremonane og ulempene som fleire av dei frie ekstremsportar har.

– Dersom du og kameratane dine har ein ide, må de gjere det sjølv! ICF (det internasjonale kajakkforbundet) bryr seg ikkje om kva me driv med, men me har vakse store og vorte meir strukturerte. Den europeiske cupen må forbetre ein del ting, men eg trur at dette kan verte stort, seier Eric.

INITIATIVTAKAR PÅ TOPP: Eric Deguil i sin rosa hjelm tok sigeren på heimebane. Foto: Boudat Gautier

Frankrike har gjennom mange år vore landet i verda som har den største breidda av gode padlarar. Det franske nivået kan ein beundra under denne konkurransen som hadde eit høgt nivå, sjølv med ei startliste som manglar nokre av dei store profilane i europeisk padling. Eit skarpt startfelt til tross, det er ein mangel for ein europeisk cup dei gongane ein ikkje klarer å trekke profilar som Michele Ramazza, Gerd og Aniol Serasolses, Joe Morley, Mariann Sæther og Sandra Hyslop. Likevel vart det vinnar som er verdig ein internasjonal konkurranse. Nouria Newman som vann dameklassen og medarrangør Eric Deguil er begge mellom verdas desidert sterkaste padlarar. Eric henta heim sigeren i herreklassen i PBR for 6. gong, og parkerte artikkelforfattaren nede på ein 16.plass. Og for alle dykk som skal til Veko for å padle den klassiske utforen i Brandsethelva kan Eric melde at han skal stille godt førebudd:

– Å vere på topp når det gjeld er vanskeleg, men ver sikker på at eg skal gjere mitt beste for å vere på topp. Eg elskar nemleg Veko!

Før den 20. utgåva av Veko brakar laus skal Europacupen innom Outdoor Mix i Frankrike og King of the Alps i Italia. Først i september vert europacupen avgjort under Devils Race i Tsjekkia. Og vinnarane? Dei får heder og ære, samt ein pengepremie som ryktes å vere på 2000 euro.

...og tilbake til XCreek og filmen fra X2-festivalen:

Publisert 3. mai 2017 kl 11.25
Sist oppdatert 3. mai 2017 kl 11.25
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen