Kronikk om naturvennleg val

– Har vi utestemmen naturen treng?

Klatreinstruktør og klimaaktivist Sofie Fjellblome Nordvik oppmodar til å gi naturen ei tydeleg stemme når det norske folket skal ta sitt val 11. september.

Sist oppdatert 4. september 2023 kl 21.42
Sofie Fjellblome Nordvik Klatreinstruktør og klimaaktivist Foto: Tuva Stavø, Storpillaren
ØNSKJER VERN:– Det er på tide å fortelje politikarar kva vi er opptekne av, i staden for å ergre oss over at kontorrotter ikkje forstår verdien av rå natur, skriv kronikkforfattaren.Foto: Tuva Stavø, Storpillaren

KRONIKK: Denne sommaren har eg igjen med meg gjestar opp sherpatrappene i Svolvær, vist fram blomar, smakt på sildrande reint vatn og skrytt av at geita framleis ikkje er ein Via-Ferrata-park. Før eg firer gjestane ned frå toppen av det luftige hornet håpar eg dei har sett noko av eventyret eg lev for å bevare.

Sidan Svolværgeita vart klatra for fyste gang, av Schjeldrup og gjengen i 1910, har villmarksprega naturområde i Noreg blitt redusert frå omlag halvparten av landarealet til berre ein tiandedel. Med samanfallande hastigheit plottar vi nye artar inn på raudlista. Vi ser pudderdagane smelte vekk samtidig som politikarar i dag aukar investeringane i olje og gass. Fjorden skal proppast med tungmetall og gruveavfall. Samiske reinsdriftsområder ofrast for å dekke oljenæringas energibehov med nordnorsk straum. Lågendeltaet skal asfalterast. Naturen har ikkje råd til å tape fleire kampar mot storkapitalen på Stortinget, i rådhusa og i kommunestyremøta. 

Sofie Fjellblome Nordvik
NATURVEN: Sofie Fjellblome Nordvik jobbar sesong som klatreinstruktør ved Nord-Norsk klatreskole og iFrinatur, er klimaaktivist og har fleire år arbeidserfaring frå FNs klimaforhandlingar. Foto: Sindre Nordhagen

I friluftslivsmiljøet tek vi det ikkje for gitt at andre passar på naturen for oss. Vi plukkar med oss vår eigen søppel og ser naturens blomstrande mirakel på kloss hald, som kan begeistre dei elles mest hjartelause av oss. Vi vel på ulike måtar å ta vare på alt dette vi er glad i, likevel overlet vi mykje makt til politikarar som sit langt frå fjella. No skal vi velje kven som skal styre naturinngrep i alle landets kommunar dei neste fire åra, då er det opp til oss å gje naturen ei tydeleg stemme – også i stemmelokalet 11. september.

Vern av sårbar natur og utsleppsreduksjonar kjem ikkje av seg sjølv. Det er på tide å fortelje politikarar kva vi er opptekne av, i staden for å ergre oss over at kontorrotter ikkje forstår verdien av rå natur. Vi må velje mellom å bygge nye oljeplattformar der vi no plutseleg gjennomfører skistafett, eller å seie nei til nye oljefelt og ha mogelegheit til gammaldagse skidagar i marka. Equinor kan ikkje lenger vere ropegun i norsk klima- og miljøpolitikk. Vi som veit kva som står på spel må vere naturens stemme. Dersom vi bruker utestemme i standgater, turfølgjer, taulag, debattflater, sosiale media og seinsommarens middagsbord, kan dette bli naturvalet vi treng. Vi kan framleis sikre framtidas natureventyr.

NYDELIG OG MODERAT: Artikkelforfatteren i gang med fjerde og nest siste taulengde på ruten Forsida på Svolværgeita. Usedvanlig fin og velsikret klatring i fast fjell - og midnattssol. Foto: Siv-Elin Skogen
Les også

Om vi i tillegg klarer å vise i praksis at forbruket kjem i andre rekke kan vi vise fleire at endring er mogeleg. Vi kan minne kvarandre på at det går ann å sette utfor ein flanke med fjorårets norrønamodell, eller gidde å slipe stegjern og resåle klatresko. Fordelen vår er at det viktigaste med utstyret vårt ikkje er stæsjet i seg sjølv, men tilgangen på naturopplevingane. Eg trur vi som friluftslivsgjeng kan vere ein del av løysinga for å få verden til snu – frå gledesrusen av eksponentielt forbruk til natureventyrets heroin. Då kan vi også krevje at våre politikarar vel natur framfor forbrukskultur.

HOS PRESTEN: Tuva Stavø har hatt en effektiv sommer. Her fra en «kosetur» på Korstoget på Presten i Lofoten. Foto: Arve Stavø
Les også

Tilbake i Svolvær ber gjesten min om å bli heisa opp brattveggen på geita. Eg minnar om at vi ikkje er på Tusenfryd og ho ler - heldigvis. Vi er på besøk i naturen. Her kan vi kan nyte, forstå og bli forandra, utan å endre eller tilpasse naturen til våre behov. Etter ei pause i selen er ho klar for toppstøtet. Ho klamrar seg med hender og klør til steinen ho sit på. Eg forevigar augeblinkender der ho ropar at Svolværgeita er rå natur, og håpar ho tek med seg suget i magen heilt inn i stemmelokalet 11. september.

Sofie Fjellblome Nordvik jobbar sesong som klatreinstruktør ved Nord-Norsk klatreskole og iFrinatur, er klimaaktivist og har fleire år arbeidserfaring frå FNs klimaforhandlingar. 

Publisert 4. september 2023 kl 21.41
Sist oppdatert 4. september 2023 kl 21.42
annonse
Relaterte artikler
Jon Gangdal i Oslo
Dødsskred på Everest i 1994:

– Jeg har i alle år følt mye skyld

FEIRING: Odd Eliassen (til høyre) feirer bestigningen av Mount Everest i 1985 sammen med Bjørn Myrer Lund. Foto: Den norske Everest ekspedisjonen 1985
Hør lyden fra den historiske bestigningen av Everest

Eventyrere på bokturné

MISTET LIVET: Anna Gutu (til venstre) og Gina Marie Rzucidlo er bekreftet omkommet etter dødsskredet på Shishapangma. Samtidig døde også to sherpaer, inkludert verdensrekordholder og Kristin Harilas turkamerat Tenjen Lama Sherpa. Foto: Instagram
Skredet på Shishapangma

Døde under kappløp mot toppen

SELFIE: Tenjen Lama knipsa dette bildet på vei opp på Dhaulagiri.
Tenjen Lama Sherpa død i snøskred

– Den sterkeste sherpaen i hele verden

OMKOMMET: Verdensrekordholder Tenjen Lama Sherpa er død etter et snøskred på Shishapangma i Nepal. Her er han sammen med Kristin Harila på K2, sekunder etter at verdensrekorden var i boks. Foto: Kristin Harila
Harilas sherpa i skredulykke

Rekordpartneren til Kristin Harila er død

KOMPLETT OMRÅDE: Torje Stenkjær på den flotte traversen i syvende taulengde på Jugoslavruta i Romsdalen. Foto: Haakon Lundqvist
De komplette klatreområdene

De beste stedene å klatre i Norge

annonse
Et knippe brettlegender - Terje Haakonse, Daniel Franck, Jørgen Nøvik og Truls under Old Boys NM i 2022. Foto Trygve Holte
– Jeg har gjort 221 intervjuer

Truls (81) skriver bok om snowboard

VANSKELIG OG LITT FARLIG: Henning Eidsheim følger på cruxlengden på Luft, vind og ingenting i vestveggen på Store Skagastølstind i Jotunheimen. Foto: Tuva Stavø
Direktestarten på Luft, vind og ingenting (8)

Knallhard bestigning på Storen

TESTET: Seks par klatresko for fjell- og tradklatring er med i vår nye test. Foto: Tore Meirik
Test av seks sko til fjellklatring

Komfortable, presise og passe stive

FØRSTEBESTIGNING: Thilo Schröter i ferd med å sende krukset på tradruta Riverside Motherfucker i Nordland. Graden er 8b+. Foto: Tina Johnsen Hafsaas
Førstebestigning i Nordland

– Blir ikke mye bedre enn dette

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen