
Topptur til Grøtdalstindane på Sunnmøre - 1331 moh.
Turbeskrivelse Grøtdalstindane
Fjellet er mykje vitja gjennom heile vinteren på grunn av enkel tilkomst, flott utsikt og fin nedkøyring og har etter kvart blitt ein liten klassikar. Ver likevel merksam på skredfaren.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1331
- Høydemeter: 1200
- Kilometer: 5
- Faremomenter: Skredterreng i sørsida av fjellet og særleg i renna frå Himmelporten mot toppen. I renna er det også utglidingsfare ved hard snø. Ver også merksam på mogleg toppskavl.
- Startsted: Heimsætra
- Tid opp/ned: 4 timar frå Ner-Frøland. 3 timar frå Heimsætra.
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Ner-Frøland eller Heimsætra. Følg fylkesvegen mellom Ørsta og Sæbø. Ved bru skilta med «Kvistad» 3,5 kilometer vest for Sæbø tek ein av i motsett retning opp til siste garden på Ner-Frøland. Dersom setervegen er open, kan du følgje denne i 1,5 kilometer til du kjem til ein liten parkeringsplass ved Heimsætra.
1.25.1 Opp frå Heimsætra ➌ Komplekst
Følg setervegen om lag 100 meter vidare innover Frølandsdalen før du tek høgre inn på sti som leier deg opp i open skog og over i Bjørndalen vest for Grøtdalstindane. Kryss elvefaret og følg det naturlege linjevalet opp morenerygger til du kjem inn i topprenna, som ein følgjer til toppen. Den vanlegaste vegen ned går same vegen som ein kom opp. Ved gode snøforhold er det mogleg å køyre heilt frå toppskaret for den erfarne alpinisten. Hellingsvinkelen er opp mot 40 grader øvre delar av topprenna.
1.25.2 Ned Sørflanken via Himmelporten ➌ Komplekst
Etter å ha køyrt dei først 200 høgdmetrane ned topprenna, kan ein ta venstre gjennom «Himmelporten» før ein tek Sørflanken meir direkte ned mot Ner-Frøland. Ved dette alternativet må ein rekne med litt skogskøyring.
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.