/ Skate

Endeleg laurdag

Dag Sandvik oppsummerer ei uke med ekstremsportgalskap heime på Voss.

Sist oppdatert 30. juni 2019 kl 11.51
LONGBOARD: Leik og moro i Skjervet er viktig på Veko-programmet. Foto: Daniel Sapak
LONGBOARD: Leik og moro i Skjervet er viktig på Veko-programmet. Foto: Daniel Sapak

Det er vorte laurdag føremiddag, og eg høyrer ein forhøga puls i øyrene medan eg venter på at sportssjef på Veko, June Janson, skal ta telefonen og oppdatere meg på kva som hender på festivalen. Torsdag, fredag og laurdag er dagane då festivalen verkeleg eksploderer, noko som vert ein utfordring for ein reportar som allereie har eit tett program som konkurransedeltakar med høge ambisjonar og nokre små men krevjande arrangøroppgåver. 

– Heisann, kling det i andre enden av det som ikkje lenger er eit røyr.

– Hei du. Kunne du gjeve meg dei sportslege høgdepunkta frå dei siste dagane? Eg slit litt med å få med meg alt.

– Ja, no har det hend mykje. Kvar skal eg byrje? Jo, basehoppinga var heilt konge. Det hende på torsdag. Me hadde rekordhøg deltaking, og dette kjem samtidig med at me har fått fornya løyve til å fly helikopter der under Veko i 10 nye år. I sum betyr dette at Base kan få ein enormt løft. Både sportsleg og tryggleiksmessig.

Se alle Dags rapporter fra årets Ekstremsportveke her!

LØFT: Basesporten kan få eit løft i framtida. Helikopter skal vera involvert. Foto: Kristian Jøndal
LØFT: Basesporten kan få eit løft i framtida. Helikopter skal vera involvert. Foto: Kristian Jøndal

– Eit enormt løft, ja. Det er vel knapt ei overrasking når ein nytter helikopter?

– Haha. Du skjøner kva eg meiner. Så har longboard arrangert både NC finalar og Team Bonanza i Skjervet. Paraglidarane har vore gjennom ein Expression Session. Her vert dei droppa frå helikopter, og får poeng etter kor kult og fantasifullt dei flyg. Og så har me hatt digital buldring i festivalteltet.

– Digital buldring? No får eg assosiasjonar til Trump sin Twitter-konto?

Men, nei, eg vert forklara at me her snakkar om ein buldrevegg der rutene vert lyssett med LED-lys  i det klatraren skal i elden; eit spennande nytt konsept som hever spenninga for både deltakarar og tilskodarar. Kvar skal ho klatre? Ingen veit før det plutseleg brakar laus.

PRIDE: Ein fargerik fest som betyr meir enn ei fargerike overflate. Foto: Dag Sandvik
PRIDE: Ein fargerik fest som betyr meir enn ei fargerike overflate. Foto: Dag Sandvik

Veko er proppa med slike sportslege godbitar, og det er få grenser for kor mykje ein kunne skrive. La meg difor spore lesaren over på fredagens høgdepunkt, ei hending med breiare og djupare linjer enn både utforsykling og EM i kajakk, Vekopride-paraden. Eg er om lag like god å estimere antal menneske som SOS Rasisme, men eg tek sjansen på å seie at langt over 1000 menneske deltok eller såg på paraden. Sjølv gjekk eg rundt og måpa i eit hav av menneske kledd i alle regnbogen sine fargar, med glitter og flagg, nokon nesten utan klede. PG-pilotar sende ut regnbogerøyk, fallskjermhopparar flaug med matchande bannarar gjennom luftrommet over sentrum, og Veko-sponsor Bula profilerte seg med lekre, nesten-nakne menn på ein tilhengar. Dette var kult. Nesten for kult. Var det heile eit Veko-stunt med trendy festfaktor og sleipt marknadsføringspotensiale for sponsorane? Vossaordførar Hans Erik Ringkjøp, som eg fann vandrande rundt i paraden med ei oppblåsbar leike i gullfarge, var ikkje einig:

– Eg trur dette betyr så utruleg mykje! Me heisa regnbogeflagget på kommunen si flaggstong i dag, og det stod folk der og grein. Så mykje betydde dette for dei. Då tenker eg me har fått til noko stort. Me har fått mykje blest om saka, og me har fått røska opp nokre haldningar som finst der ute.

– Starta ein debatt?

– Nja.

– Opna den offentlege samtalen?

– Ja, nettopp.

EXPRESSION SESSION: Ja, altså ein session i å uttrykke seg. Veko i eit nøtteskall. Foto: Ane Dahl Kristengård
EXPRESSION SESSION: Ja, altså ein session i å uttrykke seg. Veko i eit nøtteskall. Foto: Ane Dahl Kristengård

Ordføraren meiner heimstaden Voss, litt by og litt bygd som den er, treng denne markeringa. Folketalet er endå for lågt til å ha mangfaldet og dei vide rammene som ein storby har, for kva som er normalen. For ekstremsportmiljøet er ei slik markering viktig av fleire grunnar. Arrangøren av EM i kajakk vart i år nøydd å ta stilling til korleis ein skulle kjønnsklassifisere transseksuelle menneske, noko som reiste store spørsmål omkring kva omsyn me vil legge vekt på. Kva skal me prioritere? Ekstremsportfamilien sin aksept for individet sin kjønnsfridom, eller respekt for sporten sine objektive mål på prestasjonar. Skal ein klassifiserast i herre- og kvinneklasse etter hormonnivå i blodprøvar, eller som følgje av sin eigen opplevde kjønnsidentitet? Kan ein vere ein open frisport-arena samstundes som ein held strengt regulerte NC, NM og EM? Kan ein konkurrere i noko som er fritt? Andre spørsmål melder seg også, slik som: reproduserer mediadekninga av Veko, snevre kjønnsroller? For eit fritt og opent ekstremsportmiljø skal ikkje desse spørsmåla vere enkle. 

Eg gnir ein regnboge-«tatovering» på den bare overkroppen min, og kjenner at svolten melder seg. Paraden siv ut i folkemengda og oppløyser seg i eit hav av god stemning og kjærleik. Eg lurer meg ut av festivalområdet og tek meg ei grilla pølse frå pølsteltet til Vossakjøt. Høveleg skilta med «BBQuer – it is not all a sausagefest». 

Dag Sandvik (35)

Dag er vossing, frilansskribent, skikøyrar og elvepadlar. Han har i fleire år satsa fullt på konkurransar i elvepadling, ved sida av å dyrke interessa for å utforska både fjell og elver i nære og fjerne strok. I framtida har sosiologen – som også er lokalpolitikar for SV i Voss kommunestyre – lova å nytte litt mindre tid på firkanta konkurransar og litt meir tid på fri utforsking av fjell, elver og det skrivne ord. Denne veka skriver Dag fast frå Ekstremsportveko her på friflyt.no, og i årets sommerutgåve av Fri Flyt har han skrevet om elvepadling i både Noregs finaste juv og i Asahan i det fjerne austen.

fakta

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel:

Publisert 30. juni 2019 kl 11.51
Sist oppdatert 30. juni 2019 kl 11.51
annonse
Relaterte artikler
Tonje Pedersen gjør kickflip
Slik lærer du kickflip - Fri Flyts skateskole

Kickflip: – Et triks jeg gjør veldig mye

Lær deg boardslide med Fri Flyts skateskole

Boardslide: – Krever mye øving

Lær deg å skate miniramp med Fri Flyts skateskole

Miniramp: – Det viktigste er å stole på seg selv

OLLIE: I starten kan det være lurt å lære seg bevegelsene man må gjøre med føttene på flatmark. Foto: Fredrik Ouren Jostad
Fri Flyts skateskole - slik gjør du ollie

Skaternes ollie: – En tålmodighetsprøve

Lær deg frontside 180 med Tonje Pedersen

Slik gjør du frontside 180 på skateboard

Lær deg skateboardtriks med Tonje Pedersen

Slik gjør du shuvit på skateboard

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen