Tilkomst/parkering: Vasshuset. Ta av frå E39 midt i Ørsta sentrum og følg først Garvargata, så Vikegeila til stor parkeringsplassen ved Vasshuset.

1.7.1 Opp frå Vasshuset ➋ Utfordrande

Frå stålgrinda følgjer ein anleggsvegen til fots eller på ski opp til det tredje og siste av dei små vasshusa. Gå deretter skrått inn mot Vikeelva, kryss elva og sikt deg inn på det lågaste punktet på ryggen mellom Vallahornet og Saudehornet. Eit lite stykke før du kjem opp på ryggen tek du sørover og siktar deg inn på toppen av Vallahornet. Ein kan følgje same vegen som ein gjekk opp eller setje eit brattare spor ned vestsida.

1.7.2 Ned Sørflanken ➌ Komplekst

På skredtrygge dagar finn ein linjer i Sørflanken som har hellingsvinkel på 40-45 grader. Etter at ein er ferdig med sjølve flanken, ventar køyring i open lauvskog nedover lia. Ta skarpt mot vest (høgre) ved kraftlinja og følg denne attende til Vikelva og Vasshuset.

Skal du til Sunnmøre på tur? Finn flere flotte toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Kolåshalvøya her.