
Topptur til Svinetinden i Sunnmøre - 1132 moh.
Turbeskrivelse Svinetinden
Turen til Svinetinden går i flotte omgjevnader i for det meste slakt terreng, sjølv om toppflanken er bratt nok. Utsynet frå toppen er kan hende det beste ein får i heile Sunnmørsalpane, med den fantastiske Molladalen i nord, havgapet i vest, Kolåstind-massivet i sør og Hjørundfjorden i aust!
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1132
- Høydemeter: 1050
- Kilometer: 6
- Faremomenter: Skredterreng når ein rundar vestover frå Molladalsskaret til topps.
- Startsted: Ytre-Standal
- Tid opp/ned: 3-4 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Bakkane eller Storegjerdet. Følg hovudvegen langs Hjørundfjorden mellom Festøya og Standal. Ta av på nordsida av brua på Ytre-Standal, opp nokre bratte bakkar til garden Bakkane. Herifrå følgjer ein vinterstengd seterveg innover Ytre-Standaldalen i om lag 1,5 kilometer til parkeringsplass ved Storegjerdet.
1.3.1 Opp frå Ytre-Standal ➌ Komplekst
Frå parkeringsplassen følgjer ein sti i slakt terreng innover mot setra på Haugen. Hald aust (til høgre) for elva oppover mot Høgevatnet og vidare oppover mot Molladalsskaret. Når ein nærmar seg skaret, rundar ein vestover under austegga til ein kjem til neste skar. No ventar ein bratt bakke dei siste 100 høgdemetrane til toppen. Det tryggaste er å følgje same veg ned som ein gjekk opp.
1.3.2 Ned Søraustflanken ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar kan ein køyre den 35-40 grader bratte Søraustflanken, som byr inn til store svingar og høg fart ned mot Høgevatnet, før ein blir invitert inn i eit artig landskap av morenerygger med open skog ned mot setra. Hald deg gjerne vest (til høgre) for elva på veg ned til setra.
Finne flere spektakulære toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Kolåshalvøya.