Tilkomst/parkering: Standaleidet. Følg vinteropen veg mellom Follestaddalen og Standal. Parker ved kraftverket som ligg om lag ein kilometer nedanfor høgste punktet på Standaleidet i retning Standal.

1.17.1 Opp frå kraftverket ➌ Komplekst

Følg anleggsvegen frå kraftverket opp i Fladalen. Gå i slakt terreng forbi morenerygger eit godt stykke innover dalen. Når ein kjem til Fladalsvatnet, går ein oppover flanke nummer 2 sør (til høgre) for hovudtoppen. Flanken/ryggen blir etter kvart så bratt at det vanlegvis løner seg å ta skia på sekken og stegjarna på beina. Komen opp denne flanken/ryggen, traverserer ein mot nord (venstre) til ein når toppflanken og til slutt hovudtoppen. Nyt utsynet der du står på toppen, med Hjørundfjorden djupt under deg og fjella på austsida av fjorden midt imot. Ein kan følgje same veg ned, noko som gjev køyring på flankar og i renner med hellingsvinklar på opp mot 45 grader.

1.17.2 Ned Vestrenna ➌ Komplekst

Dersom snøforholda tillét det, kan den erfarne alpinisten nyte 450 høgdemeter med 45 graders hellingsvinkel frå toppen direkte ned Vestrenna til Fladalsvatnet, før terrenget legg seg nedover Fladalen og vidare ned anleggsvegen til kraftverket.

Finn flere toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene her.