Tilkomst/parkering: Ta ferja Volda–Lauvstad og følg vegen mot Steinsvika i om lag 1,5 kilometer. Ta av til høgre ved raud løe og følg Åsevegen opp bakkane til du ser ein parkeringsplass på venstre side.

5.5.1 Opp frå Sæteråsen ➋ Utfordrande

Følg setervegen om lag 300 meter før du tek av til venstre gjennom ein liten granskog, opp på ein brei rygg. Følg ryggen ein liten kilometer før du skråar sørover mot Koppen. Ta peiling på skaret mellom Bekarshornet og Snøhornet, og følg sørryggen derifrå til topps.

Følg anten den slakke vegen via skaret ned eller køyr brattare frå toppen og direkte ned mot Koppen, dersom snøforholda tillet det.

Finn flere fine toppturer du kan gå i Dalsfjordfjella og Sunnmørsalpene