Tilkomst/parkering: Vasshuset. Ta av frå E39 midt i Ørsta sentrum og følg først Garvargata, så Vikegeila til stor parkeringsplassen ved Vasshuset.

Topptur Saudehornet på Sunnmøre - 1303 moh.
Turbeskrivelse Saudehornet
Saudehornet er eit populært skifjell for erfarne alpinistar gjennom heile vin- teren og våren. Grunnen er at fjellet er lett tilgjengeleg frå sentrum av Ørsta, og at normalvegen ned er veldig direkte og spektakulær.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1303
- Høydemeter: 1150
- Kilometer: 3.5
- Faremomenter: Skredterreng,utglidingsfare ved hard snø og skavlen langs toppegga. Moglege sprekker i rennene.
- Startsted: Ørsta sentrum
- Tid opp/ned: 3-4 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
1.6.1 Opp frå Vasshuset ➌ Komplekst
Frå stålgrinda følgjer ein anleggsvegen til fots eller på ski opp til det tredje og siste av dei små vasshusa. Gå deretter skrått inn mot Vikeelva, kryss elva og sikt deg inn på det lågaste punktet på ryggen mellom Vallahornet og Saudehornet. Følg deretter sørryggen heile vegen til Austtoppen, eventuelt ved å ta skia på sekken dei siste 200 høgdemetrane. Den vanlegaste nedkøyringa går same vegen som ein kom opp, men gjerne på flanken på løparens høgreside av renna. Hellingsvinkelen held her jamt 37 grader i 600 herlege høgdemeter, deretter noko slakkare terreng ned mot Vikeelva og Vasshuset.
1.6.2 Ned rennene mellom Austtoppen og Vesttoppen ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar byr Saudehornet også på meir ekstreme nedkøyringar for den erfarne alpinisten. Dersom ein følgjer egga frå Austtoppen mot Vesttoppen, kjem ein på toppen av to-tre flotte renner som stuper ned mot Vikeskåla. Dei brattaste partia i desse rennene er 45-50 grader.
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.