Toppturen til Sandhornet er 4 km lang.
Stigning: 600 meter frå enden av setrevegen.
Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Farar: Skavlar på toppryggene.
Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum i retning Sæbø. Etter om lag 4 km kjem ein til Høge-brua.
Køyr ikkje over brua, men køyr rett fram og ta av til venstre på bomveg etter om lag 1 km.
Følg denne opp og til venstre, før du tek på skia og siktar deg inn på Rjope-dalen.
Følg først dalføret eit stykke innover, før du tek peiling på ryggen nord for Rebbestadhornet og følgjer denne til topps.
Nedkøyring: Ein kan anten følgje same veg nedatt eller renne via det noko lågare Grøthornet.
Båe delar gir fin-fin krusing i hellingsvinklar som stort sett held seg under 30 grader.
Eit tredje alternativ er å renne nordover, ned mot Mossætra og vidare ned setrevegen til bustadfeltet Mosmarka. Men då må ein ha skyss attende til bilen.
Sjekk ut flere turbeskrivelser av toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.