Tilkomst/parkering: Årsætra eller Steinstøylen. Følg hovudvegen til garden Årsætra fremst i Follestad- dalen. Ta av til venstre inn på bomveg mot Rom- edalen. Parker her eller følg setervegen heile vegen inn til Steinstøylen, viss vegen er open.

1.13.1 Opp frå Steinstøylen ➌ Komplekst

Ta skia på sekken og følg tydeleg sti opp forbi hyttene, gjennom ein liten skog og vidare opp i det lågaste skaret mellom Hallehornet og Romedalstinden, til Brillevatnet. Her kan ein ta på skia og skråe austover nokre hundre meter, før ein tek av oppover sjølve breen mot sør. Følg breen sørover i kupert terreng, som gradvis blir brattare opp mot skaret aust for sjølve Romedalstinden. Set att skia i skaret og klyv sør (til venstre) for egga bakover til du når nokre renneformasjonar. Følg desse opp mot ein fortopp. Klyv deretter eit par hundre meter bortover langs den smale og luftige egga til du når toppvarden. (Alternativt kan du følgje ein sti som går om lag 30 meter nedanfor og sør for toppegga.) Set deg no ned og nyt solnedgangen ute i Breisundet!

Den vanlegaste vegen ned går same vegen som ein kom opp. Første delen frå skaret ned brefallet har ein hellingsvinkel på opp mot 35 grader. Deretter kan ein kruse i nydeleg skiterreng ned mot Brillevatnet.

Finn flere flotte toppturer du kan gå i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.