Tilkomst/parkering: Årsneset. Følg hovudvegen mellom Festøya og Standal. Parker ved skredvernet på Årsneset.

Topptur til Randers´ Topp i Sunnmøre - 1414 moh.
Turbeskrivelse Randers´ Topp
Turen til Randers’ topp er ein av dei mest varierte og flottaste av alle vårskiturar i Sunnmørsalpane. På flotte vårdagar kan det vere eit hundretals skiløparar på toppen i løpet av éin dag. Slike dagar kan det også vere kø for dei som vil klatre den ikoniske tindenåla Bladet, som ligg like ved!
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1414
- Høydemeter: 1400
- Kilometer: 4
- Faremomenter: Årsnesfonna kan bli veldig stor og gå heilt i fjorden. Det er skredterreng opp den bratte sida frå Ytstenesdalen mot Årsnesbreen. Kan vere ei sprekke i 1150 meters høgd på Årsnesbreen.
- Startsted: Årsneset
- Tid opp/ned: 4 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
1.2.1 Opp frå Årsneset via Ytstenesdalen ➌ Komplekst
Vi rår til at ein tek «omvegen» via den flotte Ytstenesdalen, sjølv om det også går sti direkte opp Inste Årsnesdalen. Frå taket på skredvernet kan ein då først følgje stien eit lite stykke oppover Inste Årsnesdalen, før ein tek inn på ein tverrgåande sti like etter at ein har passert kraftlinja, om lag 60 moh. Følg stien sørover til Ytstenesdalen, som ein følgjer oppover i flott skiterreng til han flatar ut om lag 700 moh. Ta no mot nord (høgre) opp den bratte sida til ryggen som leier over mot Årsnesbreen. Komen opp på toppen av Årsnesbreen, står det att ein kort, men bratt snøflanke opp til Randers’ topp. Frå toppen kan ein køyre ned bakken og skråe over mot Mohns topp. For å klatre opp her bør du ha sikringsutstyr. Til slutt kan ein leggje turen bort til Bladet – ei tindenål som ragar tjue meter over breen, og som er sjølve logoen til Sunnmørsalpane. Klatringa opp er lett (grad 4), men den spisse toppen er luftig og eit ynda fotomotiv!
1.2.2 Ned Årsnesbreen og Inste Årsnesdalen ➌ Komplekst
Den øvste delen av Randers’ topp gjev bratt køyring i opp mot 40 graders helling, men nedover Årsnesbreen blir terrenget slakkare og meir kupert. Ved optimale snøforhold har ein sjanse til å køyre heile 1414 høgdemeter beint ned til fjorden, med fantastisk utsikt til Hjørundfjorden og fjella på austsida under heile nedfarten.
1.2.3 Ned via Giganten og Ytstenesdalen ➌ Komplekst
Det finst også brattare og meir ekstreme nedkøyringar for den erfarne alpinisten. Frå skaret mellom Mohns topp og Bladet går det ei 45-50 grader bratt renne ned mot Ytstenesdalen. På vegen passerer ein den majestetiske fjellpinakkelen Giganten, som ragar 50 meter rett opp frå renna. Akkurat i det ein passerer Giganten, må ein vere ekstra på vakt, for her er nokre bratte fjellknausar som ein kanskje må klatre forbi. Komen ned i Ytstenesdalen, følgjer ein denne vidare nedover før ein tek skråtravers gjennom skogen attende til utgangspunktet på Årsneset (sjå rute 1.2.1).
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.