Tilkomst/parkering: Standaleidet. Følg vinteropen veg mellom Follestaddalen og Standal. Parker ved kraftverket som ligg om lag ein kilometer nedanfor høgste punktet på Standaleidet i retning Standal.

1.16.1 Opp frå kraftverket ➌ Komplekst

Følg anleggsvegen frå kraftverket opp i Fladalen. Gå eit stykke innover dalen før du tek oppover breen, som ein følgjer til eit tydeleg skar like nord for hovudtoppen. Set att skia i skaret og trakk vidare bratt oppover til eit nytt skar. Herifrå klyv ein med stegjarn og isøks rundt ein bergnabb og vidare opp ei lita renne dei siste 50 metrane til topps. Mange vel å følgje same veg ned som opp, noko som gjev 1000 høgdemeter med fantastisk fin køyring i variert terreng med moderate hellingsvinklar.

1.16.2 Ned ulike renner mot Kvanndalen ➌ Komplekst

Den erfarne alpinisten kan velje mellom fire-fem til dels veldig bratte renner som fører ned mot Kvanndalen i vest. Hellingsvinkelen på den nordlegaste og slakkaste renna, er om lag 40 grader. I fleire av dei andre rennene kjem hellingsvinkelen opp mot 50 grader. Vi gjer merksam på at dette er linjer som berre må køyrast på absolutt skredtrygge dagar utan utglidingsfare og av svært erfarne alpinistar. Komen ned i Kvanndalen, følgjer ein då rute 1.15.1 tilbake til Standaleidet og sklir langs vegen vidare forbi Standalsætra til parkeringa ved kraftverket.

Finn flere flotte toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her