
Topptur til Nivane og Vardehornet i Sunnmøre - 1009 moh.
Turbeskrivelse Nivane og Vardehornet
Nivane er eit særs lett tilgjengeleg fjell som byr på flott og fartsfylt nedkøyring, ofte i puddersnø tidleg på vinteren. Få stader får du raskare høgdemeter enn her!
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1009
- Høydemeter: 850
- Kilometer: 4
- Faremomenter: Skredterreng i sørsida av Nivane og i dei bratte rennene på Vardehornet. Skavl på topp-platået frå Nivane til Vardehornet.
- Startsted: Ørsta sentrum
- Tid opp/ned: 2-3 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Vasshuset. Ta av frå E39 midt i Ørsta sentrum og følg først Garvargata, så Vikegeila til stor parkeringsplassen ved Vasshuset.
1.5.1 Opp frå Vasshuset ➋ Utfordrande
Frå stålgrinda følgjer ein anleggsvegen til fots eller på ski eit lite stykke forbi det tredje og siste av dei små vasshusa. Ta deretter av nordvestover (venstre) og sikt deg inn på søraustryggen av Nivane. Følg denne til toppvarden, som ligg eit stykke bak på platået. Det tryggaste er å følgje den same vegen ned som ein gjekk opp, altså langs ryggen, som berre har korte parti med over 30 graders hellingsvinkel.
1.5.2 Ned sørsida av Nivane ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar kan ein køyre meir beint ned sørsida med flott utsikt mot Ørstafjorden. Dette er ei brei og flott side på opp mot 35 graders helling som byr inn til store svingar og høg fart på pudderdagar. Når du kjem ned mot skogen, kan du følgje den uthogde skitraseen direkte ned til vegen ved Vasshuset eller ta mot aust (venstre) og kome inn på anleggsvegen ved det øvste av dei små vasshusa.
1.5.3 Ned frå Vardehornet ➌ Komplekst
Frå varden på Nivane kan du gå i slakt terreng vidare mot nordaust til toppen av Varde- hornet (1009 moh.). Herifrå går det to-tre flotte rygger og renner med ein hellingsvinkel på om lag 40 grader som på skredtrygge dagar byr inn til spektakulær køyring direkte ned mot Vikeskåla. Derifrå følgjer ein anleggsvegen ned til Vasshuset.
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.