Tilkomst/parkering: Fonnavegen. Ta av frå veg 655 ved Rossåbrua aust for Ørsta sentrum, inn på Mosmarkvegen. Følg denne 300 meter før du tek til venstre og ny venstre ved Kiwi, så høgre 300 meter opp Fonnavegen. Parker ved bommen på høgre side av Fonnavegen.

1.8.1 Opp frå Fonnavegen ➌ Komplekst

Følg først skogsbilveg i sikksakk før du går meir beint gjennom hogstfeltet til du kjem over skoggrensa. Gå no skrått innover dalen på vestsida av Skytjeåa. Komen inn på flata i dalbotnen, tek ein austover og siktar seg inn på det slakkaste partiet opp mot toppflanken. Følg denne til den vestlegaste og høgste toppen.

1.8.2 Direktelinja ned i Skytjådalen ➌ Komplekst

Ein kan følgje same veg ned eller eventuelt køyre ei noko brattare linje meir direkte ned mot dalbotnen. Tidleg på vinteren kan ein oppleve fantastiske pudderforhold på toppflanken og vidare ned mot Skytjeåa.

Finn flere flotte toppturer du kan gå i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her