
Topptur til Kolåstinden på Sunnmøre - 1432 moh.
Turbeskrivelse Kolåstinden
Kolåstinden er «Kongen av Sunnmørsalpane», mest på grunn av den majestetiske utsjånaden, men også på grunn av at fjellet byr på ein flott skitur i moderat, men variert terreng. På gode påskedagar kan det vere hundrevis skiløparar innom toppen i løpet av ein dag. På kalde pudder- dagar i januar har du fjellet for deg sjølv.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1432
- Høydemeter: 1000
- Kilometer: 4
- Faremomenter: Skredterreng og utglidingsfare. Ver også merksam på moglege skjulte bresprekker.
- Startsted: Standalhytta
- Tid opp/ned: 3-4 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Standaleidet. Følg vinteropen veg mellom Follestaddalen og Standal. Parker langs vegen på stor biloppstillingsplass rett ovanfor Standalvatnet.
1.15.1 Opp frå Standalvatnet ➌ Komplekst
Ta ikkje bil opp privat veg til øvste hyttefeltet, men følg denne vegen med ski på beina. Ta peiling på ein uthogd skråtravers i retning av Fossane under Søre Sætretind. Frå toppen av Fossane følgjer ein den markerte V-dalen til ein kjem inn på open flate i sjølve Kvanndalen. Ta av nordover opp til Appelsinhaugen, som er ein kvilestein i 950 meters høgd. Ta så vest/sørvest og gå sidebratt opp mot og gjennom Stretet, som er ein trong passasje på egga. Vel gjennom Stretet følgjer ein brekanten under egga i retning av toppen, som no er synleg heile vegen. Set frå deg skia under eller opp på toppkulen, dersom du synest det blir for bratt, og gå dei siste høgdemetrane til fots. Mange vel å følgje same vegen ned, noko som gjev køyring i lett og leikent terreng. Det er berre i bakken etter at du passerer Stretet at hellingsvinkelen kjem over 30 grader på denne returen.
1.15.2 Ned Kolåsbreen ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar får ein flott køyring ned Kolåsbreen til botnen av Kvanndalen. Det varierte terrenget gjev høve til å velje linjer med ulike hellingsvinklar, alt etter snøforhold og eigen dugleik på ski. Ver merksam på mogleg skjulte bresprekker, noko som har blitt eit aukande faremoment dei seinare åra, då klimaet har blitt varmare og vintrane mindre snørike. Mot slutten må ein skøyte seg ut Kvanndalen før ein kan skli den siste biten ned til Standaleidet.
Finn flere flotte toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Kolåshalvøya her.