Tilkomst/parkering: Sellereite. Følg hovudvegen mellom Bjørke og Viddal. Ta av ved Leira opp til Sellereite-gardane. Vis omsyn til gardsdrifta når du parkerer.

2.15.1 Opp frå Sellereite ➌ Komplekst

Ta skia på sekken og følg merkt sti bratt opp i Kårdalen. Komen over skoggrensa følgjer du Kårdalen vidare inn mot Kårdalsvatnet. Gå ikkje heilt inn til vatnet, men ta sikksakk opp sida mot toppryggen, som du kan følgje i venstre del vidare opp til topp-platået. Toppvarden ligg eit stykke vidare inn på platået. Det aller mest spektakulære utsynet nordover langs Hjørundfjorden får ein frå platået nord for og nedanfor toppen. Retur same veg byr på nydeleg køyring i moderat til krevjande terreng i opp mot 35 graders hellingsvinkel, med flott utsyn over Storfjorden i den første delen, og leikent terreng vidare nedover mot Kårdalen.

2.15.2 Ned via Blæja ➌ Komplekst

Dersom ein har lyst på ein topp til, kan ein ta ein rundtur ved å renne (og gå) via Blæja til Fivelstadhaugen i Nibbedalen (sjå rute 2.14), men då må ein naturlegvis ha skyss attende til bilen på Sellereite.

Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå på Sunnmøre og på Rånahalvøya her