
Topptur til Høgsvora i Sunnmøre - 1163 moh.
Turbeskrivelse Høgsvora
Høgsvora (som er den sørlegaste toppen av Næremstindane) er ein veldig vanleg og fin skitur i stort sett lett terreng, og nedkøyringa til Kvanndalen er fin-fin.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Ørskogfjella
- Toppunkt: 1163
- Høydemeter: 900
- Kilometer: 4
- Faremomenter: Fare for utløpsskred frå sørryggen og fare for skavlbrot og utgliding langs ryggen.
- Startsted: Vaksvikfjellet
- Tid opp/ned: 3 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Sollisætra. Følg hovudvegen mellom Ålesund/Moa og Vestnes. Ta av på Sjøholt mot Geiranger. Køyr om lag 8,5 kilometer til Vaksvika, der du skal ta av opp til venstre mot Vaksvikfjellet. Parker ved sportskapellet på Sollisætra.
6.2.1 Opp frå Sollisætra ➋ Utfordrande
Gå forbi Sollisætra og vidare oppover Kvanndalen i slakt terreng. Komen opp i 600 meters høgde, tek du austover (høgre) opp slakkaste delen av vestsida av fjellet, til du når toppryggen, som du følgjer sørover til toppen av Høgsvora. Det vanlege er å følgje same veg som ein kom opp, noko som gjev skikøyring i moderat og flott terreng.
Finn flere fine toppturer du kan gå i Sunnmøre og Ørskogfjella her.