Tilkomst/parkering: Standaleidet. Følg vinteropen veg mellom Follestaddalen og Standal. Parker langs vegen ved dyrkamark like vest for Standalvatnet.

1.14.1 Opp frå Standalvatnet ➌ Komplekst

Følg veg vest (til venstre) for dyrkingsfeltet og vidare gjennom open lauvskog til ein når botnen av moreneryggen, som ein følgjer opp til 800 meters høgd, der ein tek av vestover mot skaret nord for Fingeren. Snøforholda og eigen kompetanse avgjer om du vil klatre heilt til topps. Dei aller fleste snur i skaret.

Ein kan følgje same veg ned som ein gjekk opp, noko som gjev moderat nedkøyring med 30 graders hellingsvinkel på det brattaste. Alternativt kan ein renne meir direkte med mot Myklebustsætra, men då må ein gjennom litt småskog mot slutten.

Finn flere toppturer du kan gå i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her