
Topptur til Dalegubben på Sunnmøre - 1344 moh.
Turbeskrivelse Dalegubben
Toppen av Dalegubben er eit av dei aller flottaste utsynsynspunkta i heile Sunnmørsalpane, med dei kvasse toppane Holmshornet og Lynghalstinden i forgrunnen, Hjørundfjorden og Norangsfjorden i botnen og Slogen i bak- grunnen. Dessutan er det ikkje utan grunn at køyringa ned Skondalen har blitt ein klassikar!
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1344
- Høydemeter: 1000
- Kilometer: 5
- Faremomenter: Skredterreng i Monsterbakken, gjennom heile Skondalen og ikkje minst i Londonrenna, for den som vel det alternativet.
- Startsted: Standaleidet
- Tid opp/ned: 4 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Standaleidet. Følg vinteropen veg mellom Follestaddalen og Standal. Parker på biloppstillingsplass like ovanfor kraftverket som ligg om lag ein kilometer nedanfor høgste punktet på Standaleidet i retning Standal.
1.19.1 Opp frå kraftverket ➌ Komplekst
Gå bratt opp open skog til Nøvedalen. Følg dalen slakt innover i om lag ein kilometer, før du sikksakkar deg oppover den seige 400-meters-bakken til egga nord for hovud- toppen. Gå vekselvis på vestsida og austsida av egga bortover til toppen. Ein kan ta same veg ned som ein kom opp.
1.19.2 Ned Skondalen ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar tilrår vi ein overgangstur med nedkøyring til Sæbø sentrum. Gå 100 bratte høgdemeter ned på austsida av toppegga, der du tek på skia og renn ned til skaret over Skondalen. Frå skaret kan ein kruse i nydeleg skiterreng 700 høgdemeter nedover Skondalen, før ein tek av vestover i om lag 500 meters høgde mot ein liten kolle. Køyr herifrå ned mot Risegardane like nord for Sæbø sentrum. Alternativt kan du ta av austover ved utgangen av Skondalen og følgje Gunnarråsa til fots heile vegen ned til sentrum. Unn deg ein kald drykk på Hotel Sagafjord medan du ventar på skyssen attende til Standaleidet. Ein kan sjølvsagt også gå turen den andre vegen, eller berre returnere same veg som ein kom opp.
Finn flere fine toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Kolåshalvøya her.