Toppturen til Blåtinden er 4 km lang frå botnstasjonen. 3 km frå toppstasjonen.
Stigning: 850 meter frå botnstasjonen. 500 meter frå toppstasjonen.
Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Farar: Skredterreng i Trollbotnen og i sida opp mot Blåtinden. Skavlar på toppen.
Vegval: Vegen til skitrekket i Nottane er skildra under Veirahaldet. Frå toppen av skitrekket skråar ein austover mot Trollbotnen.
Derifrå går ein bratt opp skredterreng mot toppen. Fjellet byr på flott nedkøyring mot Trollbotnen.
Ein kan også ta vegen mot Ville-gardane i Bondalen, der ein må ha bil for retur til skisenteret.
Finn flere flotte toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Kolåshalvøya her.