
Topptur Blåhorna på Sunnmøre - 1478 moh.
Turbeskrivelse Blåhorna
På grunn av tilkomsten frå den høgtliggande fylkesvegen i Strandadalen, byr Fremste Blåhornet inn til ein flott skitur i relativt lett terreng gjennom heile vinteren og våren.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Strandafjella
- Toppunkt: 1478
- Høydemeter: 1150
- Kilometer: 5
- Faremomenter: Normalvegen har lite skredutsett terreng. På toppen av Fremste Blåhornet står varden og ei mast heilt på kanten av eit stup, der det dannar seg skavlar om vinteren.
- Startsted: Fjørstad
- Tid opp/ned: 4 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Fram-Fjørstad. Følg hovudvegen mellom Stranda og Hellesylt, og parker ved den nedlagde skulen på Fram-Fjørstad i Strandadalen, der du betaler avgift til grendalaget for brøyting av plassen.
7.5.1 Opp frå Fram-Fjørstad ➋ Utfordrande
Følg merkt sommarsti gjennom skogen og ta sikte på ein markant hammar oppe i lia, som du skal runde til venstre for. Komen opp på Heimfjørstadsætra tek du sikte på skaret mellom Heimste og Fremste Blåhornet. Legg gjerne turen innom Heimste Blåhornet (1396 moh.), før du følgjer ryggen vidare bort til Fremste Blåhornet (1478 moh.) Utsynet mot Synnylvsfjorden og Geirangerfjella mot nord og mot dei kvasse tindane på Rånahalvøya mot sør er glitrande.
Frå toppen av Fremste Blåhornet får du ei nydeleg nedkøyring i flott skiterreng med jamn hellingsvinkel på 25-30 grader heile vegen ned. Ver merksam på at strekket frå setra ned mot Fjørstad kan by på litt krevjande køyring, då skogen tidvis er tett her.
Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og Strandafjella.