I nærleiken av skianlegga på Strandafjellet og Fjellsætra finn ein fleire flotte turar med fjordutsyn. Her kan du lese flere saker om Strandafjellet skisenter.
På båe sider av den høgtliggande hovudvegen gjennom Strandadalen finn ein også ei rekkje flotte fjell som eignar seg godt for skiturar.
Kjente turer og fjell
Fylkesvegen kan hjelpe deg med deler av turen til mange av toppene i dette området, som Blåhorna, Kvitegga, Dalmannshornet og Ytstevasshornet.
Blåfjellet/Høgenykjen frå Fjellsætra er ein kort, men litt krevjande tur som gir nydeleg nedkøyring.
Auskjæret er eit av dei mest populære skifjella i denne delen av Sunnmørsalpane.
Storfjordområdet
Dei nordlege og austlege fjellområda på Sunnmøre når ein ved å følgje den dominerande Storfjorden inn frå kysten, med den verdskjende Geirangerfjorden som avslutning.
Kring desse fjordane finn ein ei rekkje kjende turistplassar med kjende overfartsvegar og utkikksplassar som Trollstigen, Ørnesvingane og Dalsnibba.
Tafjordfjella er det største av turområda på Sunnmøre om ein måler etter areal. Fjella er jamt over høgre her enn på Kolås- og Rånahalvøya, men dei er også mindre alpine i forma.
Tafjordfjella er leikegrinda til Ålesund og Sunnmøre turistforening (ÅST), som driftar fleire overnattingshytter i området. Vinterstid er det lite trafikk i området, og dermed blir også navigeringa meir krevjande.
Men til påske brukar ÅST å merke skiløyper mellom dei ulike hyttene i området. Med dette opnar det seg også sjansar for lange og etter måten slakke toppturar på ski, til kjende toppar som t.d. Puttegga, Karitinden og Torvløysa.
Etter at Dalsnibbevegen og Trollstigen opnar ein gong i mai, opnar det seg også mogelegheiter for relativt korte toppturar til dei høge fjella som omkransar desse høgtliggande, vinterstengde vegane.
Men tidlegare på vinteren tilrår vi flotte toppturar i nærleiken av skianlegga i Stordalen, på Ørskogfjellet og på Strandafjellet.

Oversiktskart over Storfjordområdet del 1.
Fjell og turer i oversiktskart
3. Blåfjellet/Høgenykjen
4. Auskjeret
5. Ytstevasshornet
6. Dalmannshornet
7. Blåhorna