Toppturen til Blåfjellet / Høgenykjen er 3 km lang.
Stigning: 900 meter.
Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Farar: Skredterreng, særleg i sida opp mot Blåfjellet. Mogeleg skavl på toppryggen.
Vegval: Frå Ørsta kan ein køyre nordover på E39 mot Festøya. Ta her ferje mot Hundeidvika, og følg skilting mot Stranda til du kjem til Sykkylven.
Køyr sørover på veg 60 frå Sykkylven sentrum på veg mot Stranda kommune i om lag 30 km. Ta av til venstre frå hovudvegen før bru, med tydeleg skilting til Skisenter.
Frå Ålesund kan ein køyre nordover på E39 og ta ferja Magerholm–Sykkylven og vidare opp mot Sunnmørsalpane skiarena ved Fjellsætra. Parker i det du ser dei første hyttene ved Sætrevatnet, om lag 1,5 km før du kjem til Fjellsætra.
Gå no oppover langs elva i Sunndalen i slakt terreng. Komen opp i dalen, følgjer du først ryggen under Blåfjellet, før du går opp sida til skaret mellom Lafjellet og Blåfjellet. Hald god avstand til sida opp mot Blåfjellet. Frå skaret er det kort veg opp ryggen til topps.
Finn flere toppturer du kan gå i Strandafjella her.
Nedkøyring: Følg same veg ned som opp. Dersom snøforholda og skiferdigheitene tillet det, kan du køyre frå toppen og direkte ned i dalen, noko som gir endå flottare køyring i hellingsvinklar opp mot 35 grader.
Har du att krefter når du kjem ned i Sunndalen, kan du ta på fellane igjen, og ta ein slakkare tur opp til dei populære Langfjella (1007 moh.) Returner same veg.