2.8.1 Opp frå Patchellhytta ➌ Komplekst

Gå frå Patchellhytta til Steinreset og følg ryggen som fører opp mot Slogen. Følg ryg- gen heile vegen til toppen. Ryggen blir gradvis brattare, og snøforhold og ferdigheiter får avgjere kva tid du vil ta skia på sekken. Skal du attende til Patchellhytta, må du via Steinreset. Skal du heilt ned att, kan du ta peiling på Isavatnet og Langsæterdalen.

2.8.2 Ned til Isavatnet og Langsæterdalen ➌ Komplekst

Ved gode snøforhold byr Slogen på fantastiske nedkøyringar heilt frå toppen. Hellings- vinkelen er om lag 45 grader i toppen og ned forbi dei brattaste hamrane. Det går ei særs bratt linje mot nord, medan normalvegen ned Isavatnet er noko slakkare, særleg når ein kjem eit stykke ned. Slik er det mogleg å tilpasse nedkøyringa etter snøforholda og ferdigheitene, men turen er uansett for dei som har ei viss erfaring med brattkøyring.

Finn flere toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Rånahalvøya her