Dagen, og turen, avsluttast med eit besøk på Tindefjellet som er kjent for å ofte ha god snø i nedkøyringa. 

Opp til Bjørsetfjellet  

Sjå turbeskrivelse Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa rute 3.9.1. opp Bjørsetfjellet via Nausa.

Ned frå Bjørsetfjellet til Ålhus   

Sjå turbeskrivelse Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa rute 3.9.2. opp Bjørsetfjellet via Eggjabakkane der du følgjer denne ruta ned ryggen i nordleg retning mot skaret mellom Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa.

Frå skaret følgjer du kraftgata vestover ned i dalen. Du kan og ta av frå kraftgata ned mot Skarstøylen og kome inn på ein skogsveg som går ned i dalen.

Når du kjem ned i dalen, følgjer du fv. 454 opp til Indrebø og vidare ned att til Nedrebø. 

Opp til Steinegga  

Følg turbeskrivelse Sandfjellet rute 2.4.2. opp Blånipa via Ålhusstøylen. Før du når toppen på Blånipa, går du nordvest og følgjer ryggen mot Steinegga. 

Ned frå Steinegga  

Sjå turbeskrivelse Steinegga, rute 3.3.1. opp via Midttunsstøylen. Du følgjer rute 3.3.1 frå toppen ned i Midttunsdalen og fortset forbi støylane og vidare ned dalføret i sørvestleg og vestleg retning mot Bergselva.

Du kryssar elva og rundar på sørsida av Blåfjellet i retning mot Simastøylane. Deretter kryssar du Svidalselva.

Opp til Tindefjellet  

Når du har kryssa Svidaleselva, startar du oppstigning langs den nordaustlege ryggen opp mot Tindefjellet.

Følg terrenget, òg finn den slakaste vegen opp mot toppen. Du kan òg følgje rute 3.2.1. opp ryggen via Gygraklovet.  

Ned frå Tindefjellet  

Følg turbeskrivelse Tindefjellet rute 3.2.2. ned Storebotnen.

Det er og mogeleg å følgje ryggen som går vestover frå toppen av Tindefjellet ned i skaret mot Gravsfjellet.

Derifrå kan du køyre på vestsida av Årsetelva ned mot Vassenden. 

• Starthøgde: 280 moh. ved start i Årdalen  
• Stigning: 2400 høgdemeter
• Fall: 2350 høgdemeter
• Lengd: 25 km 
• Farar: På starten av nedkøyringa frå Tindefjellet er det ofte skavl i toppen mot den austvende nedkøyringa
• Overnatting: Etter turen kan du overnatte på campingplassar på Vassenden
• Mat: Det er matbutikkar på Vassenden og kafe på Jølstraholmen. Restauranten Jølstramuseet har periodevis ope