Av turane langs nordsida av Jølstravatnet er nok Blånipa og Høgefjellet blant dei minst kjende toppturane. Det trass i at fjelltoppane byr på noko spesielt; 800 høgdemeter leiken skikøyring heilt ned til kanten av Jølstravatnet.
Allereie tidleg i sesongen er det sol i den sørvende sida. Skålformasjonen øvst og skogsterrenget nedst gjer at snøen her ligg meir beskytta enn plasseringa skulle tilseie. Blånipa og Høgefjellet er passande turar for dei som vil ha utfordringar i variert og moro terreng.
Tilkomst/parkering: Du køyrer til Solheim, 1,5 km vest for Ålhus. Ta av frå E39 og parker på Solheim. Dersom du vil gå på Blånipa frå Ålhus tek av E39 mot Øvrebø og følgjer fv454 om lag 1,2 km før du svingar til venstre mot Nedrebødalen. Parker mot avgift på toppturparkering ved driftsbygning ved første garden du kjem til på Nedrebø.
3.4.1 Opp Blånipa via Ørnebotnen Utfordrande, E1, GV
Turen startar ved brua over Ørnebottgrova. Du startar oppstiginga langs vegen på vestsida av grova og følgjer denne til eit eldre gardstun. Deretter går du vidare i nordleg retning over beitemark og open lauvskog like vest for grova. Følg ryggformasjon nordvest forbi hamrane, og traverser deretter nordaust mot stølshus i Ørnebotnen på om lag 600 moh. Herifrå kan du enten legge sporet nordover opp skålformasjonen eller opp langs ryggen på austsida av skåla. Når det flatar ut, er det vel ein kilometer i austleg retning i flatt terreng til toppunktet av Blånipa. Turen mot toppunktet gir ikkje meir nedkøyring, men byr på ei fantastisk utsikt mot det bratte og alpine skiterrenget rundt Nedrebødalen.
Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstiginga. Ofte har vinden leika seg med snøen i Ørnebotnen og laga artige utfordringar til å hoppe og leike seg i. Frå stølen er det steinar og søkk som eignar seg for skileik, før du tek fatt på fin skogskøyring ned til parkeringa.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 230 moh.
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Sør
Stigning: 810 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 32-35 grader (730-800 moh.)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.4.2 Opp Blånipa via Ålhusstøylen Utfordrande, E1, LV
Følg vegen innover Nedrebødalen til enden av bøane. Ved kraftverket kryssar du elva og følgjer skogsvegen til Ålhusstøylen. Hald slak stiging i vestleg retning over botnen og forbi ei hytte på om lag 700 moh. Frå hytta følgjer du ein rygg vidare vestover til ei lita tjørn som er synleg på kartet på om lag 760 moh. No går du rett nordover i retning mot skaret ved Hellebotnen, og følgjer ryggen vidare mot toppen av Blånipa.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 270 moh.
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Sør
Stigning: 780 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 20-22 grader (930-980 moh.)
Tips: Denne oppstiginga kan vere fin om du ønskjer å køyre ned frå Steinegga, Ned via Nedrebødalen. Du går då til skaret ved Hellebotnen og følgjer ryggen vidare vestover til Steinegga.
Farar: Ruta går gjennom utløpssone for skred frå Grøneneven og Blånipa.
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.4.3 Opp via Smellen til Høgefjellet Utfordrande, E1, GV
Turen startar ved brua over Ørnebottgrova. Du startar oppstiginga langs vegen på vestsida av grova og følgjer denne til eit eldre gardstun. Deretter går du vidare i nordleg retning over beitemark og open lauvskog like vest for grova. Følg ryggformasjon nordvest forbi hamrane. Når du har runda desse, legg du sporet nordover i noko bratt terreng mot skuldra like sør for toppen av Høgefjellet. Ruta følgjer skuldra vestover og rundar tilbake mot toppunktet. Her får du flott utsikt over Jølstravatnet og mot dei flotte nedkøyringane på austsida av Tindefjellet.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.4.4 Ned Høgefjellet via Ørnebotnen Utfordrande, E1, GV
Rett etter at du forlèt toppen møter du ei flott nedkøyring i søraustleg retning ned mot Ørnebotnen. Denne nedkøyringa er i noko brattare og meir spenstig terreng enn nedkøyringa frå Blånipa. Frå Ørnebotnen følgjer du same nedkøyring som omtala under Blånipa.
Tips: For mindre bratt terreng kan du legge sporet lenger aust frå Høgefjellet.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.4.5 Ned Blånipa via Hellebotnen Komplekst, E2, V
Dette er ei av dei lettast tilgjengelege bratte nedkøyringane i området. Etter ei kort oppstiging i sørvendt og slakt terreng, skiftar terrenget rundt Nedrebødalen tydeleg karakter. Nedkøyringa startar frå det lågaste punktet på ryggen over Hellebotnen og følgjer botnen heilt ned i dalen. Herifrå følgjer du vegen ut dalen på venstre side av elva til Nedrebø. Flyfoto med rutenummer finner du på neste side.
Tid: Kort 2-4 timar
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Nordaust
Fall: 780 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 37-39 grader (1020-830 moh.) og 32-38 (780-570 moh.)
Tips: Du kan finne ei slakare linje i toppen ved å traversere om lag 400 meter nordvestover frå det lågaste punktet i skaret over Hellebotnen. Her går ei lita forseinking i terrenget ned botnen.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
Billigst
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.