Frå toppane ser du utover Haukedalsvatnet mot sør, og i vest ligg Holsavatnet og fjellpartia rundt.
Sidan du kan spenne på deg skia ved bilen på vel 500 moh., vil turen vere snøsikker frå tidleg i sesongen.
Dei sørvende sidene frå Rimmane sikrar deg sol på pudderrike dagar i dei kalde vintermånadane.
Terrenget er variert og har fleire ulike nedfartar som byr på leiken skikøyring.
Tilkomst/parkering: Parkeringsplass finn du på toppen av Rørvikfjellet, 100 meter frå Rørvik fjellstove i retning Førde.
Frå parkeringa går du nordover til du passerer Fjelltjønna, og deretter går du eit lite stykke nordaust mot ryggformasjonen du skal følgje vidare i nordvestleg retning.
Når terrenget vert slakare, legg du sporet nordover mot toppen av fjellrekka og deretter austover mot Ørnafjellet på 1209 moh.
Nedkøyring: Ein kan nytte same ruta ned som opp, men det er mange alternative ruter du kan velje i mellom Ørnafjellet og høgda på 1125 moh. langs Rimmane.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 535 moh.
Sesong: Desember - april
Himmelretning: Sør
Stigning: 680 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 27-32 grader (1000-1100 moh.)
Tips: Kan leggast opp som rundtur til Blåfjellet.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.