Med turstart frå den gamle Rørvik fjellstove på 540 moh. får du raskt høgfjellskjensla, og på toppane kan du nyte storslagen utsikt over ­Haukedalsvatnet og

Holsavatnet. Turane er fine både midt på vinteren og som vår-skitur.

Tilkomst/parkering: Parkeringsplass finn du på toppen av Rørvikfjellet, 100 meter frå Rørvik fjellstove i retning Førde.

6.1.1 Opp Venevassegga via Jakobskardet Enkelt, E1, L

Turen startar ved fjellstova og går i oversiktleg terreng ­sørvestover langs ein lang avrunda rygg.

Du passerer nord for Svartenova, og går vidare opp i skaret der ryggen deler seg. Dette skaret vert kalla Jakobskardet. Du følgjer ryggen sørover for å komme til Venevassegga. 

Nedkøyring: Det er vanleg å køyre ned same vegen som du gjekk opp.

  • Tid: Kort 2-4 timar

  • Starthøgde: 540 moh.

  • Sesong: Desember – Mai

  • Himmelretning: Nord

  • Stigning: 490 høgdemeter 

  • Terrengformasjon: Rygg

  • Brattaste punkt: 26-30 grader (575-600 moh.)

  • Tips: Denne turen passar også fint som fjellskitur

  • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

6.1.2 Opp Rundenova via Jakobskardet Enkelt, E1, L

Dette er ein kortare tur enn Venevassegga. Følg same rute som skildra under Venevassegga til du kjem til Jakobskardet.

Herifrå går du nordvest opp ryggen mot Varddalsegga og vidare mot toppen av Rundenova. Frå toppen får du utsikt over indre deler av Holsavatnet og dalføret omkring.

Nedkøyring: Det er vanleg å køyre ned same vegen som du gjekk opp.

  • Tid: Kort 2-4 timar

  • Starthøgde: 540 moh.

  • Sesong: Desember – mai

  • Himmelretning: Aust

  • Stigning: 365 høgdemeter 