Frå toppen av Tverrfjellet og ned mot Litlebotnen ligg ei jamn og fin side, men godt skjult frå allfarveg og derfor eit relativt ukjent toppturmål.

Sjansen er stor for at du får sette ­førstesporet ned den søraustvende sida. Frå Litlebotnen er det fint og variert terreng heilt ned til Hårklau. 

Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Hårklau på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved innkøyringa til gardstuna her.

6.4.1 OPP VIA LITLEBOTNEN UTFORDRANDE, E1, GV

Frå Hårklau følgjer du skogsvegen opp mot restane etter Hårklaustølen. Der skogsvegen sluttar held du fram ­oppover langs elvegjelet.

Om lag der elva frå Litlebotnen møter Hårklauelva (585 moh.), kryssar du elva og går nordaustover på venstre sida av elva som kjem ned frå Litlebotnen.

Ved inngangen til Litlebotnen svingar du nordvestover og følgjer ryggen oppover til toppen.

Nedkøyring: Du køyrer ned same ruta som du gjekk opp. Når du har kryssa elva og kjem ned att på skogsvegen, kan du ta snarvegen ned dei opne beiteområda i staden for å følgje skogsvegen. Her er open og artig skogskøyring heilt til gardstuna.

  • Tid: Middels 3-6 timar

  • Starthøgde: 320 moh.

  • Sesong: Desember - april

  • Himmelretning: Søraust langs ryggen

  • Stigning: 760 høgdemeter

  • Terrengformasjon: Side og rygg

  • Brattaste punkt: 25-27 grader (800-1060 moh.)

  • Farar: Bratt fjellside vest for opp- og nedgangen

  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

Topptur Tverrfjellet Sunnfjord
Topptur Tverrfjellet Sunnfjord

Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord