Topptur til Tindefjellet. Tindefjellet er ein av toppturklassikarane i Jølster, og det er det mange gode grunnar til, som den austvendte skålformasjonen.
Faremomenter: Terrengfelle i stigninga etter Gygraklovet
Himmelretning: Aust
Bratteste punkt: 29-31 grader
Startsted: Svidalselva
Tid opp/ned: 3-6 timar
Beste sesong: Desember – april
Her kan du velje linje etter kor mykje du ønskjer å utfordre deg. På veg opp ryggen passerer du det luftige Gygraklovet.
På kanten av dette ser du rett ned i Jølstravatnet og har utsikt mot Vassenden. Turen er lett tilgjengeleg frå E39.
Tilkomst/parkering: Om lag fem kilometer aust for Vassenden tek du av mot Berg i Svidalen. Det er skilta toppturparkering ved Svidalselva med parkeringsavgift.
Der er òg sett opp informasjonstavle som fortel litt om fjellet og turen.
3.2.1 Opp ryggen via Gygraklovet Utfordrande, E1, GV
Frå parkeringa går du opp bøen sør for Svidalselva. Deretter går du vidare gjennom eit relativt kort skogsområde opp mot ryggen som tek deg mot Gygraklovet. Herifrå følgjer du ryggen vidare opp mot toppen.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 325 moh.
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Aust
Stigning: 760 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 29-31 grader (730-850moh.)
Farar: Terrengfelle i stigninga etter Gygraklovet
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.2.2 Ned Storebotnen Utfordrande, E1, GV
Denne ruta går ned den austvende Storebotnen. Grunna skavldanning ved toppen av skålformasjonen, er det mest vanleg å køyre et lite stykke langs den nordlege ryggen til du finn ein høveleg plass å køyre inn i botnen.
Nedst i botnen finn du den vanlegaste og slakaste ruta langs den nordlegaste elvedalen ned mot Svidalselva.
Vanskegrad: Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Telemarkski ned Tindefjellet Sunnfjord
Foto: Torje Bjellaas / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.