Mellom Skredfjellet og Middagshaugen med Fjærlandsfjorden under. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
Lesetid: 3 minutter
Går ein ned til Bjåstad ved fjorden og kryssar brua over Bergselvi kan ein gå opp til Kløvingahaugen.
Forsette ein denne ryggen kjem ein til Bjåstadbreen, 1602 moh, via Nonsskareggi og Vikaeggene.
Denne turen gjev flott utsikt utover Fjærlandsfjorden og ein kan nytte nedfart 15.4/15.3 nedatt i Frudalen.
Det er også mogleg å gå turar frå Anestølen og Frudalen som endar i Berge. Med Frudalen, 520 moh, som startpunkt og Berge, 200 moh, som endepunkt kan ein få 300 høgdemeter ekstra skikøyring.
Parkering: Parkeringsplassen/rasteplassen ligg mellom dei to tunnelane på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland.
Avstand frå Sogndal er 29 kilometer og 5 kilometer frå Norsk Bremuseum i Fjærland.
Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn
Området: Sogndalsdalen byr på eit nettverk av dalar og fjellmassiv med ulike terrengtypar: Her finn du store breie snøflankar, luftige ryggar og renner for dei fleste ferdigheitsnivå.
Det nordlege området av Sogndalsdalen møter fjella på Fjærlandsida.
Fjella og dalane er forma slik at alle dalføra heng saman for skifolket. Ein kan lenke saman store delar av Sogndalsdalen med fjellovergangar.
Det er mogleg å gå lengre skiturar over fleire toppar og ende i ei anna bygd enn der du starta. Overgangane mellom fjellmassiva er innteikna på oversiktbileta.
Når det snør tett og det ikkje er vêr til topptur, kosar mange skikøyrarar seg i skogen.
I Fjærland og Sogndalsdalen er det alt frå skogskøyring med jamn hellingsvinkel til bratt skogskøyring med snøputer og naturlege hopp.
Mange blir overraska av at eit så lite geografisk område som Sogndalsdalen har så mykje flott skiterreng, og at det berre ligg 15–20 minutt frå Sogndal sentrum.
Ver, snø og sesong: Eit kjenneteikn for Sogndalsdalen er mykje snø i dalen og fjella rundt. Sesongen strekker seg frå november til og med mai.
Kart: Turkart Sogndal–Leikanger 1:50000 eller 10055 Sogndal, Norge-serien, dekker heile området som er skildra i kapitellet Sogndal og Fjærland.
Komme dit: Sogndal lufthamn, Haukåsen ligg 20 min frå Sogndal sentrum. Det går ekspressbussar frå Oslo og Bergen med fleire daglege avgangar, samt dagleg hurtigbåt frå Bergen.
Butikkar: Det er kjøpesenter og andre butikkar i Sogndal. Ein finn også spesialbutikkar for ski og fjellsport.
Dei fleste matbutikkjedene har butikk i Sogndal. Det er fleire kafear og restaurantar å velje mellom.
Årleg vinteraktivitet: Fjellsportfestivalen i februar (fjellsportfestivalen.no)
Overnatting: Sogndal Lodge (sogndallodge.no) og Uteplassen (ute-plassen.no) på Selseng satsar spesielt på skifolk.
I Sogndal finst elles ei rad overnattingsalternativ, frå campingplassar til hotell. Sjå Sognefjord.no
Guiding: Norgesguidene (norgesguidene.no) og Bre og Fjell (breogfjell.no)
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.