Det andre alternativet er frå Horpedal via Endrestølen og opp nordvestryggen (30.2, sjå side 151). Begge desse er fine turar. 

30.1 Opptur

Gå ned forbi toalettbygget og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går det ein veg opp til brua som kryssar riksvegen.

Gå inn Bessdalen langs sommarstien til Storebotn. Følg slakaste veg opp søraust sida til toppen. 

  • Lengd: Middels 3–6 timar

  • Lengde nedkøyring: 1305 høgdemeter og 7 kilometer

  • Brattaste punkt: Opptil 30 grader ved å følgje det slakaste terrenget

  • Farar: Skred og utløpssoner for skred 

30.1 Ned Søraustsida av Nyastølseggi E1, GV

Her får du ein fin nedkøyring med store flankar rundt seg i fleire retningar.

Søraustsida byrjar med 600 høgdemeter med jamt bratt skikøyring på ei stor side ned til Storebotn.

Frå Storebotn følgjer du sommarstien ned Bessdalen til Berge. 

  • Når: Februar–april

  • Farar: Skred og utlaupssoner for skred

  • Himmelretning: Søraust ned til Storebotn

  • Lengde nedkøyring: 1305 høgdemeter

  • Brattaste punkt: Rundt 30 grader ved å følgje det slakaste terrenget

  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

Nyastølseggi, Skredfjellet og Middagshaugen frå sør. / Toppturar i Sogn.
Nyastølseggi, Skredfjellet og Middagshaugen frå sør. / Toppturar i Sogn.