Topptur til Skredfjellet og Middagshaugen. Skredfjellet er ikkje tiltalande namn, men fjellet har flott utsikt og ein snill ryggtravers nordover mot Middagshaugen.
Det er ikkje mange haugar i Noreg som har utsikt som kan måle seg med Middagshaugen. Denne toppturen kan gjerast som rundtur frå Berge til Horpedal eller motsatt.
29.1 Opptur
Gå ned vegen forbi toalettbygget på rasteplassen, og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går du vegen vidare opp til brua som kryssar riksvegen.
Gå inn Bessdalen langs sommarstien. Etter ein god kilometer tek du nordover og følgjer sommarstien til Horpedal via Endrestølen.
Når du kjem opp på myrene, kring 700 moh, skrår du mot vest og siktar deg inn på midten av ryggen mellom Skredfjellet og Middagshaugen.
Ta slakaste vegval opp austsida for å komme opp på ryggen. Opp på ryggen går du sørover til toppen av Skredfjellet.
Gå attende på ryggen og vidare opp på Middagshaugen. Ein alternativ veg opp er frå Horpedal via Endrestølen (29.3 side 152) og opp på Middagshaugen.
Lengd: Middels 3–6 timar
Lende nedkøyring: 830 høgdemeter og Skredfjellet 4,3 km/1,8 km mellom Skredfjellet og Middagshaugen
Brattaste punkt: Frå Berge: 30–33 grader i 100 høgdemeter (800–900 moh) Frå Horpedal 29.3: 32–34 grader i 120 høgdemeter (540–660 moh) og 30–33 grader i 120 høgdemeter (800–920 moh)
Austflanken på Middagshaugen gir flott nedkøyring. Flanken byrjar 250 meter sør for toppen av Middagshaugen og går ned austsida mot Gamlestølskrærne.
Skli vidare frå Gamlestølskrærne og sørover myrene til nedfarten til Bessdalen som startar kring 700 moh.
Her er det open og fin skog ned til sommarstien i Bessdalen. Følg denne ned til Berge.
Alternativ nedfart til Horpedal via Endrestølen (sjå 29.3 side: 152). Følg sommarstien til Endrestølen og ned til Horpedalen.
Når: Februar–april
Farar: Skred
Himmelretning: Aust og sør
Lengde nedkøyring: 830 høgdemeter
Brattaste punkt: Til Berge: 30–33 grader i 120 høgdemeter (920–800 moh) Til Horpedalen (29.3): 30–33 grader i 120 høgdemeter (920–800 moh) og 32–34 grader i 120 høgdemeter (660–540 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Nyastølseggi, Skredfjellet og Middagshaugen frå sør. / Toppturar i Sogn.
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.