Utsikt over Jølstravatnet. Foto: Torje Bjellaas / Toppturar i Sunnfjord
Lesetid: 3 minutter
Skildringane her er i hovudsak laga utifrå korleis turen vart gått første gang. I løpet av turen er du innom mange kjende toppturfjell rundt Jølstravatnet, og du har heile tida utsikt mot andre delar av ruta.
Det er lurt å lage ein god framdriftsplan på førehand. Start dagsetappane tidleg om morgonen for å få best mogeleg skiføre gjennom heile dagen.
Undervegs har du fleire alternativ for å kome deg raskt ned igjen til sivilisasjonen, dersom du må avbryte turen.
Det fine med rundturen rundt Jølstravatnet er at det berre er fantasien som set grenser for korleis du vil gjere din tur. Her er uendeleg med mogelegheiter. Du kan til dømes velje å gå den motsett veg, lage både fleire eller færre etappar og velje å gå oppom endå fleire av dei flotte toppane rundt Jølstravatnet.
Heile rundturen har og vore gått på ein dag av Sindre Hoff og Øyvind Aastad Kjøs våren 2020, på ca. 17 timar.
Imponerande. Men du vil kanskje heller nyte ruta over fleire år, ved å ta ei og ei etappe når du er på påskeferie i Sunnfjord? Eller kanskje du vil forlenge ruta, og gjere den ekstra utfordrande, ved å gå rundt Kjøsnesfjorden også som ei heilt ny etappe?
Andre etappe startar rett ved Nikolai Astrup sin heimstad i Sanddalen.
Dag 3 Jølstravatnet rundt: Skei – Blåfjellet (Isdronninga) – Helgheimsdalen – Såtefjellet – Årdal i Jølster.
Tredje etappe startar med å gå opp på Blåfjellet som er betre kjent som motivet Isdronninga, slik målaren Nikolai Astrup såg fjellet frå hi sida av Jølstravatnet.
Dag 4 Jølstravatnet rundt: Årdal i Jølster – Bjørsetfjellet – Ålhus – Steinegga – Svidalen – Tindefjellet – Svidalen/Vassenden.
Fjerde etappe startar med å gå opp på Bjørsetfjellet der du under oppstigninga har flott utsikt austover Jølstravatnet i retning mot Skei.
Sesong: Januar–april Tid: Fire dagar, men kan gjerast både lengre og kortare Stigning: 6800 høgdemeter Fall: 7100 høgdemeter Lengd: 71 km Utstyr: Ved normalt gode tilhøve er det ikkje behov for utstyr utover skredutstyr Kart: Norge-serien: Jølster. 1:50 000 dekkjer heile ruta Tips: Gradering etter terrengklassifisering, eksponerings- og vanskegrad er sett per dagsetappe ut frå den mest krevjande delen av etappen.
Overnatting: Jølster har fleire overnattingsstadar som kan vere aktuelle, sjå Jølster365 (jolster365.no) for meir informasjon. Sjå òg opplysningar under kvar dagsetappe.
Mat: Lag ein god plan for matrasjonar du må ha med deg for heile turen