Etappen endar opp i Årdal i Jølster, der det i lange tider har vore tradisjon for skiaktivitet.

I dette dalføret startar den kjende fjellskiklassikaren frå Årdal i Jølster til Nes i Naustdal. 

Opp til Blåfjellet (Isdronninga) 

Sjå turbeskrivelse «Isdronninga» - Blåfjellet, Egga og Nipa rute 3.11.3. med start frå Jølster Panorama Camping.

Du kan òg gå direkte frå hotellet og følgje stien mot dagsturhytta Fjellro. 

Ned frå Blåfjellet (Isdronninga)   

Sjå turbeskrivelse «Isdronninga» - Blåfjellet, Egga og Nipa rute 3.11.2. opp Blåfjellet via Kyrabotnen.

Når du kjem ned forbi Husstøylen, og har kryssa Helgheimselva, startar du oppstigninga mot Såtefjellet. 

Opp til Såtefjellet  

Sjå turbeskrivelse Såtefjellet rute 3.10.1. opp via Aksla. 

Ned frå Såtefjellet til Årdal i Jølster 

Gå litt nord for toppen før du køyrer vestvendt ned mot skogsvegen som går ned mot Erikstad.

Alternativ rute er nordover til Skaret, og derifrå følgje kraftgata ned til du treff på skogsvegen. 

• Starthøgde: 210 moh. ved start frå Skei 
• Stigning: 1500 høgdemeter
• Fall: 1400 høgdemeter
• Lengd: 13 km
• Overnatting: Etter turen kan du overnatte i hytteutleige i Årdal i Jølster (Jølsterlia Hyttetun). Overnatting på Skei vert nærmaste overnatting i tettstad. 
• Mat: Om ein skal overnatte på hytte i Årdal i Jølster, må ein ha ordna seg med mat for både dag 3 og 4. Nærmaste matbutikk, kafe og restaurant er på Skei.