Her avsluttar du dagen med ei flott nedkøyring der du får utsikt over store delar av Jølstravatnet. 

Opp til Kvamsfjellet 

Det er to ulike ruteval du kan nytte

1: Opp via Kvamsheisen: Frå Øygardsstøylen går du opp langs ein av skitraseane. Frå vendehjulet til øvste skiheis ved Amfen (Kvamsheisen) går du til venstre for vendehjulet i søraustleg retning.

Der du traverserer over den bratte sida øvst i Stordalen, legg du sporet høgast mogeleg for å unngå parti over 30 grader i dette området. Du går deretter i lett kupert og oversiktleg terreng i sørleg retning.

Sør for Kvamsskaret går du nordover og rundar opp mot toppen frå baksida av fjellet.

2: Opp via Stordalsfjellet: Frå Øygardsstøylen følgjer du den mest austlege skitraseen i retning mot vendehjulet på den nedste skiheisen; Bjørkeliaheisen.

Du går vidare opp skitraseen til du kjem til ei bru som lettar kryssinga av elvegjelet rett ved skitraseen. Her går du i sørleg retning aust for Stordalen til du kjem opp på fjellplatået til Stordalsfjellet.

Herifrå er det slakt og fint terreng fram til Kvamsfjellet i vestleg retning. 

Sja også turbeskrivelse Kvamsfjellet.

Ned til Gjesdalsdalen og opp til Nonsnipa 

Frå toppen av Kvamsfjellet køyrer du i austleg retning via Støylsgrova til Bakkestøylen.

Følg langrennsløypa rundt Storehaugen og ta av i retning mot Søstestøylen. Gå ryggen i nordaustleg retning mot Støylsfjellet og vidare til Sanddalsfjellet (Nonsnipa).

Den opphavelege ruta gjekk via Sveigen opp ryggen frå vest til Middagsfjellet og deretter vidare til Sanddalsfjellet.

Ryggen opp Middagsfjellet er ofte avblåst og kan vere isete. 

Ned til Sanddalen 

Frå toppen køyrer du austover ned fjellsida mot Ytre Sanddalsstøylen. Frå skoggrensa og ned til stølen er det relativt open bjørkeskog som gjer at du kan leike deg med svingar og hopp i passande bratt terreng.

Frå stølen siglar du ned skogsvegen til parkeringsplassen. 

Starthøgde: 440 moh. ved øvre parkering i Jølster Skisenter 
Stigning: 900 høgdemeter 
Fall: 1350 høgdemeter
Lengd: 15 km
Farar: På nordvend side av toppen på Sanddalsfjellet er det ein stor skavl som går langs første del av nedkøyringa
Overnatting: Det er for tida ikkje overnattingsstader i Sanddalen. Periodevis kan ein finne overnatting via private utleigetenester. Overnatting på Vassenden vert nærmaste 
Mat: Det er matbutikkar på Vassenden og kafe på Jølstraholmen. Restauranten Jølstramuseet har periodevis ope 

Sjå turbeskrivelse Nonsnipa (Sandalsfjellet) for fleire ruteval du kan nytte.