Frå Dvergsdalsdalen er det på med fellar igjen opp mot Støylsnova, der utsikta mot Kjøsnesfjorden opnar seg.

Her er det bratte fjell på alle kantar rundt deg i nedkøyringa som endar heilt nede ved Kjøsnesfjorden i nærleiken av Sægrov.

Opp til Åsfjellet 

Sjå turbeskrivelse til Knebben. Du følgjer denne ruta fram til du har kryssa elva ved kraftdammen. Herifrå går du søraust mot Bjørndalsstøylen.

Frå støylen går du austover opp i Sandbotnen og vidare søraust til skaret mellom Blåfjellet og Sandbotsegga. Sving nordover mot Åsfjellet. 

Ned til Åsstøylen 

Sjå turbeskrivelse Åsfjellet. Her finn du fleire alternative ruter ned austsida mot Åsstøylen.  

Opp til Olahansfjellet 

Frå Åsstøylen går du via Skryklingsstøylen og går vidare sørover i Skryklingsdalen.

Finn slakaste veg austleg retning opp mot høgda 1116 moh. Deretter går du nordover mot toppen av Olahansfjellet. 

Ned til Dvergsdalsdalen 

Sjå turbeskrivelse Olahansfjellet, der du finn fleire alternative ruter ned mot Myklebuststøylen og Dvergsdalsdalen. 

Opp til Støylsnov

Sjå starten på turbeskrivelse Grovabreen. Opp Grovabreen via Salsegga. 

Ned Støylsnova til Sægrov 

Dette er ein kort, men veldig fin rundtur der du får nokre ekstra høgdemeter nedkøyring i bonus i forhold til oppstigninga.

Du følgjer ruta Opp Grovabreen via Salsegga til du når toppen av Støylsnova på 1072 moh.

Køyr i nordaustleg retning ned mot Sundsstøylen. Hald deg på austleg side av elvegjelet.

På høgde med Sundsstøylen er det rydda ei skogsløype ned til Sægrov, om lag 50 meter aust for elva. Les mer i turbeskrivelsen Grovabreen

• Starthøgde: 210 moh. ved start i Sanddalen  
• Stigning: 2000 høgdemeter 
• Fall: 2000 høgdemeter
• Lengd: 18 km 
• Tips: Du kan avbryte etappen både ved Åsstøylen og i Dvergsdalsdalen. Om du vil forlenge turen, kan du gå Salsegga vidare mot Grovabreen.
• Overnatting: På Skei kan du overnatte på camping eller hotell
• Mat: Matbutikkar på Skei, kafe på bensinstasjonen og restaurant på hotellet