All historieskriving vil måtte ta eit perspektiv. Når eg no skal løfte fram historia til Raundalselva, vert det forteljinga om kampen for og mot kraftverk.

Ei forteljing som byrja med ein amerikansk ingeniør i 1848, og som enda i 2017 med eit lokalpolitisk slag og arven etter samar, lokale aktivistar og ein engelsk soldat.