Tilkomst/parkering: Hornindal skisenter. Ta fylkes- veg 60 frå Hornindal i retning Hellesylt, men ta av til venstre etter om lag 1,5 kilometer ved skilting mot «Skisenter». Køyr no langs svingete vegar og parker på stor biloppstillingsplass ved skisenteret. Seint på våren kan den vinterstengde vegen vere open heilt opp til Hjortedalssætra.

3.8.1 Opp frå skisenteret ➋ Utfordrande

Følg skiløype til Bruasætra, der du tek over ei bru og skråar over til Hjortedalssætra. Gå no i slakt terreng oppover Hjortedalen eit par hundre høgdemeter, før du tek av nordover (venstre) inn Blåbreddalen. Følg dalen heile vegen til endes, før du sikksakkar 300 høgdemeter opp sida som leier deg til Blåbreden. Ta nordover breen i om lag 1,5 kilometer, før du tek deg opp sida som leier deg til topplatået/ryggen. Følg denne vidare nordover til du når toppvarden. Det vanlege er å følgje same veg ned som ein kom opp, noko som gjev ei lang nedkøyring i slakt og skredtrygt terreng.

3.8.2 Ned til Skjåstaddalen via Lauvadalen ➌ Komplekst

Dersom ein ønskjer ein overgangstur og litt brattare køyring, kan ein renne ned til Skjåstaddalen i staden. Følg då toppryggen ned til den nordlege enden av Blåbreden, under høgd 1338, der du tek nordover (høgre) ned ein opp mot 35 grader bratt flanke til Lauvadalsvatnet, før du følgjer dalføret vidare nedover til Raudstadsætra. Frå setra svingar du deg ned til garden Raudstad i Skjåstaddalen. Storhornet byr også på fleire svært bratte renner frå toppryggen direkte ned i Lauvadalen. Vi gjer merksam på at dette er linjer som berre må køyrast på absolutt skredtrygge dagar utan utglidingsfare og av svært erfarne skiløparar. Frå toppen kan ein også renne litt vestover før ein tippar ned mot Bjørkehornet, Tussevatnet og vidare bratt ned til Bjørke, der det finst sommarsti. Alle desse alternativa krev naturlegvis bilskyss tilbake til utgangspunktet.