
Topptur Snøhornet på Sunnmøre - 1308 moh.
Turbeskrivelse Snøhornet
Normalvegen ned frå Snøhornet gjev fin-fin køyring i moderat terreng. I tillegg byr Snøhornet på alternativ og spektakulær rennekøyring for den erfarne alpinisten.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Austefjordfjella
- Toppunkt: 1308
- Høydemeter: 1200
- Kilometer: 4
- Faremomenter: Orienteringsvanskar og store skavlar i toppområdet.
- Startsted: Årset
- Tid opp/ned: 4 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Årset. Følg E39 frå Volda inn til Årsettunnelen i Austefjorden. Køyr ikkje gjennom denne, men ta av til høgre på gamlevegen og parker ved den nedlagde skulen.
4.4.1 Opp frå Årset ➋ Utfordrande
Ta skia på sekken og følg stien/skogsvegen oppover lia i nydeleg, open furuskog mot Lisjesætra. Ta på skia når snøforholda tillet det, og gå vidare austover, forbi ein kolle, til Årsetsætra. Sikksakk oppover den innbydande sida til du nærmar deg sørryggen, før du går i lett terreng vidare opp mot toppen. Dersom du returnerer same vegen som du kom opp, får du super køyring i moderat, men nydeleg skiterreng heile vegen attende til Årsetsætra. Nedanfor denne møter du skogen, og snøforholda avgjer kor mykje køyring det blir herifrå.
4.4.2 Ned Vestrenna ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar byr Snøhornet også på meir ekstreme nedkøyringar for den erfarne alpinisten. Frå hovudtoppen kan ein renne slakt nedover mot vesttoppen. Ta ut god avstand frå skaret i nord, då skavlen her kan vere temmeleg stor. Frå den lågare vesttoppen stuper to bratte renner nesten 1000 høgdemeter ned mot Ullalandsvatnet i Aldalen. Det er gjerne best å køyre desse linjene utpå ettermiddagen, etter at sola har fått arbeidd litt med snøen. Dersom du vel dette alternativet, må du ha skyss attende til bilen.
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer på Sunnmøre og i Austefjordfjella.