Tilkomst/parkering: Urkegjerdet eller kraftverket. Følg hovudvegen til Urke og ta inn på grusveg ved Urke Landhandel, og køyr så langt du kjem på den vinterstengde vegen i retning kraftverket ovanfor Haukåssætra.

2.7.1 Opp frå kraftverket ➋ Utfordrande

Frå kraftverket følgjer ein merkt sti sør for vassdraget i slakt terreng innover Langsæter- dalen. Komen opp i 500 meters høgd sikksakkar ein opp den slakke bakken til Lisjevatnet, før ein held fram i nesten flatt terreng til Storevatnet. Frå dette vatnet tek ein slakkaste vegen opp sida til ryggen mellom Slogen og Maudekollen, som ein følgjer vestover til toppen. Frå Maudekollen kan ein følgje «Urkeegga» vidare vestover til Klokksegga, der ein kan ete nista si og nyte det fantastiske utsynet frå den flotte gapahuken «Egilbu».

2.7.2 Ned frå toppryggen ➌ Komplekst

Frå toppryggen mellom Maudekollen og Klokksegga finst det fleire ulike nedkøyring- salternativ til Langsæterdalen. Det slakkaste og tryggaste er å følgje same veg ned frå Maudekollen som vi skildra opp til Maudekollen. Lenger vest på ryggen finn ein brattare flankar ned mot Langsæterdalen, men her må ein vere merksam på at ein er i skredterreng og at det fleire stader er bratte flog og hamrar siste stykket ned mot dalen. Frå området kring Klokksegga og ned mot dalen er det mykje og til dels tett skog.