Tilkomst/parkering: Skinnviksætra. Følg E39 frå Volda inn til Fyrde i botnen av Austefjorden. Følg veg 655 om lag 2 kilometer ut fjorden på andre sida, før du tek av til venstre på seterveg/bomveg. Dette er den setervegen som blir først brøytt om våren, og du kan då køyre bratt heilt opp på Skinnviksætra, som ligg 400 moh. Dermed kjem du enkelt tett inn på fjella Eidskyrkja og Lisje Eidskyrkja.

4.3.1 Opp frå Skinnviksætra ➌ Komplekst

Den første delen av ruta er felles med ruta til Eidskyrkja, men komen opp i om lag 700 moh., tek ein sørvestover til det markerte skaret på sørryggen av Lisje Eidskyrkja. Her- ifrå kan du følgje ryggen til toppen, sjølv om tilhøva ofte krev at du tek skia på sekken eit stykke. Du kan følgje same vegen ned som opp, men det er også vanleg å velje brattare alternativ meir direkte ned mot dalen dersom forholda tillèt det.

4.3.2 Ned Nordveggen ➌ Komplekst

På absolutt skredtrygge dagar byr Lisje Eidskyrkja på ei mykje krevjande nedkøyring for den erfarne alpinisten. Tipp ut for toppskavlen og inn i den bratte nordsida. Følg eit snøband mot høgre, ovanfor bratte klipper og stup, til du kjem inn i den markerte og smale renna i nordveggen. Her kjem hellingsvinkelen opp mot 50 grader. Følg renna ned og ut i slakkare terreng mot setra.

Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer på Sunnmøre og i Austefjordfjella