
Topptur Auskjeret på Sunnmøre - 1360 moh.
Turbeskrivelse Auskjeret i Stordal
Med skisenteret som utgangspunkt byr Auskjeret på ein kort og lett skitur gjennom heile vinteren, og utsynet mot dei andre Stordalsfjella er upåklageleg.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Stordalsfjella
- Toppunkt: 1360
- Høydemeter: 550
- Kilometer: 4
- Faremomenter: På toppen dannar det seg veldig store skavlar om vinteren. Hald deg derfor nær midten av toppryggen og gå aldri lengre enn til toppvarden!
- Startsted: Arena Overøye – Stordal alpinsenter
- Tid opp/ned: 2 timar frå toppstasjonen. 3 timar frå botnstasjonen.
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
8.1.1 Opp frå Stordal skisenter ➊ Enkelt
Følg den markerte ryggen like ovanfor toppstasjonen til du kjem opp på Sandfjellet. Ta no nordover i slakt terreng til topps. Utsynet frå toppen mot fjella på andre sida av dalen er nydeleg. Følg same veg attende i flott skiterreng med opp mot 30 graders hellingsvinkel.