
Turbeskrivelse trollkyrkja
Turen til den majestetiske Trollkyrkja er ein av dei store vårskiklassikarane i indre delar av Sunnmøre, men han er også lang og litt krevjande, og krev dermed ein del røynsle.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Valldal
- Toppunkt: 1762
- Høydemeter: 1500
- Kilometer: 7
- Faremomenter: Ved å følgje den skildra ruta opp og ned kan du halde deg under 30 grader heile vegen og dermed unngå losneområde for skred. Ver likevel merksam på at du er i utløpsområde for skred frå Middagshornet når du bevegar deg opp frå Middagsbot- nen til Trollkyrkjebreen.
- Startsted: Gudbrandsjuvet
- Tid opp/ned: 5-6 timar
- Ekstra utstyr: Ved hard snø treng ein isøks og stegjarn for å klatre dei siste 100 metrane til topps. Tilkomst/parkering: Gudbrandsjuvet. Følg hovud- vegen frå Valldal mot Trollstigen, og parker ved Gudbrandsjuvet på Alstad etter om lag 15 kilometer.
Tilkomst/parkering: Gudbrandsjuvet. Følg hovud- vegen frå Valldal mot Trollstigen, og parker ved Gudbrandsjuvet på Alstad etter om lag 15 kilometer.
9.4.1 Opp frå Gudbrandsjuvet ➋ Utfordrande
Følg merkt sti oppover mot Alstadsætra, før du tek vidare opp forbi Heisætra og inn i Middagsbotnen. Følg no slakkaste veg opp dalføret til du når Høgd 1270. Ta vidare sørover og kryss den austlege delen av Trollkyrkjebreen, før du tek over det lågaste skaret mellom Muldalsegga og Trollkyrkja. Traverser no Nakkebreen til du når søraus- tryggen av Trollkyrkja, som du følgjer til topps til fots. Nyt utstynet frå toppen!
Som ein forstår, byr Trollkyrkja på ei lang nedkøyring i moderat og flott skiterreng. Vel nede ved skia att, kryssar du Nakkebreen og tek same veg ned som du kom opp.