Du kan gå både korte turar saman med familien, eller legge ut på langtur innover i fjellheimen mot Blåfjellet.
Gardsbruka på Vona, som vart fråflytta på 50-talet, er eit spanande delmål på vegen mot Blåfjellet.
Dei veglause gardane ligg avsides til, så når isen på Vonavatnet var utrygg var dei i si tid berre tilgjengelege for skigåarar.
Dette fjellområdet nord for Vonavatnet er og lett tilgjengeleg frå Hyen i Nordfjord.
Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du rv5 mot Naustdal. Her tek du av mot fv512 mot Nyheim. Følg fv512 til Nes der du tek av til Vonavatnet.
Vegen mot Vonavatnet er vanlegvis brøytt til opparbeidd parkeringsplass, som er utgangspunkt for oppkøyrde skiløyper vidare til Vonavatnet.
Sesong: Januar - mai
Stigning: 1350 høgdemeter
Fall: 1350 høgdemeter
Lengd: 28,6 km
Kart: Norge-serien: Ålfotbreen 1:50.000
Frå parkeringa følgjer du skogsvegen til Vonavatnet. Når isen på vatnet er trygg, er det vanleg å legge sporet over vatnet mot gardane på Vona.
Frå Vona går du nordaustover til Vonastølen, og går vidare nordover mot Vonaskaret.
Ei alternativ rute er å gå frå Vonastølen mot nordaust og opp Inste Svartebottsskaret. Denne ruta er også fin som nedkøyring.
Starthøgde: 336 moh. frå Nes
Stigning: 569 høgdemeter
Fall: 47 høgdemeter
Lengd: 7,2 km
Tips: Du kan legge sporet slik at du unngår parti som er brattare enn 25 grader. Dersom isen på Vonavatnet ikkje er trygg, følgjer du merka rute langs sørsida av vatnet, og kryssar elva Nausta like før den renn ut i Vonavatnet. Dersom du ikkje kan krysse elva her, er det ei bru like vbed Nesstølen du kan nytte.
Farar: Isen på Vonavatnet kan vere utrygg, høyr med kjentfolk.
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Ruta går vidare mot aust og passerer Ytste og Inste Svartebottskaret, og rundar deretter på nordsida av høgde 1188 moh. til Holebottsskaret.
Her går du opp ryggen og held fram over platået mot aust til du når toppen av Blåfjellet.
Heimtur: Det er vanleg å følgje same ruta ned som opp, men her finst andre variantar dersom du ynskjer å utforske området meir.
Stigning: 634 høgdemeter
Fall: 100 høgdemeter
Lengd: 7,1 km
Tips: Du kan legge sporet slik at du unngår parti som er brattare enn 25 grader.
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.