
Turbeskrivelse Svorstølsheia
Topptur til Svorstølsheia. Turen til Svorstølheia er ein flott tur for nybegynnarar og barnefamiliar som vil kjenne gleda av å svinge skia i snøkledde lier.
- Hovedområde: Sunnfjord
- Underområde: Naustdal og Angedalen
- Toppunkt: 982
- Høydemeter: 590
- Kilometer:
- Himmelretning: Vest
- Bratteste punkt: 25-27 grader
- Startsted: Svorstølsheia
- Tid opp/ned: 2-4 timar
- Beste sesong: Desember - april
Sidan ruta er vestvend inviterer den også til turar i kveldssol.
Toppen ligg i eit naturskjønt område der du får god utsikt mot gardane på Fimland, Vonavatnet og fjellområdet inst i Naustedalen.
Tilkomst/parkering: Frå Naustdal følgjer du rv5 mot Florø. Ta av til høgre mot fv512 før Naustdalstunnelen. Følg fv512 vidare mot Nes.
På Fimland tek du av fylkesvegen og køyrer privat veg skilta mot Svorstøl.
2.5.1 OPP VIA KNOLTEN ENKELT, E1, LV
Turen startar på velteplassen ved Svorstøl og går eit kort stykke på skogsveg. Følg elveleiet i austleg retning, og skrå deg mot det flate partiet nord for Knolten.
Her legg du sporet til høgre for granskogen. Du kryssar oppover i fin bjørkeskog, og etter skoggrensa held du fram austover i sida opp mot Svorstølsheia.
Nedkøyring: Du køyrer ned same ruta som du gjekk opp.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 390 moh.
Sesong: Desember - april
Himmelretning: Vest
Stigning: 590 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 25-27 grader (600 -700 moh.)
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.