Som nedkøyring kan du først «mate på» i ei bratt side, og som dessert får du med deg interessant køyring langs morenerygg nedst mot Myklebustdalen. Bon appétit!

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet.

På Myklebust tek du av mot Dvergsdalsdalen og køyrer langs den kommunale vegen til du kjem fram til toppturparkeringa i vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim.

Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Køyr vegen fram til same toppturparkeringa.

Parkering mot avgift på toppturparkeringa. 

5.9.1 Opp via Trollebotsegga Utfordrande, E2, GV

Følg skogsvegen til Dvergsdalsstøylen, deretter kryssar du elva frå Fagredalen. Hald fram sørover til du rundar Nyken utan å ta høgde, slik at du følgjer dalføret sørover inn mot Trollebotnen.

Ved vatnet i Trollebotnen svingar du vestover og følgjer ryggen opp sida. Når du kjem opp på egga følgjer du den sørover mot Trollebotsegga og vidare til Søthaugsfjellet.

  • Tid: Middels 3-6 timar

  • Starthøgde: 480 moh.

  • Sesong: Januar - mai

  • Himmelretning: Nord

  • Stigning: 1000 høgdemeter

  • Terrengformasjon: Dal og rygg 

  • Brattaste punkt: 27-30 grader (1240-1300 moh.)

  • Utstyr: Skarejern eller stegjern ved hardt og isete føre langs Trollebotsegga

  • Farar: Fare for utgliding på det brattaste partiet på Trollebotsegga ved hardt og isete føre

  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

5.9.2 Ned via Bjørnaholene Komplekst, E2, V

Følg same spor tilbake mot høgda 1373 moh. Like før høgda svingar du nordover ned sida som vender mot inste del av Myklebustdalen.

Like før du kjem ned i dalføret er det eit bratt parti med moreneryggar der du kan velje fleire renner. Følg dalføret vidare tilbake til Dvergsdalsstøylen og parkeringa.

  • Sesong: Januar – mai

  • Himmelretning: Nordvest

  • Fall: 1000 høgdemeter

  • Terrengformasjon: Side

  • Brattaste punkt: 30-33 grader (1380-900 moh.), 35-40 grader (880-780 moh.)

  • Tips: Rundt påske er det ofte skuterspor inn Myklebustdalen som du kan følgje attende til stølen. Frå varden på toppen av sida kan du køyre rett nordover for å få ei brattare nedkøyring.

  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

Topptur på ski Søthaugsfjellet Sunnfjord utsikt
Topptur på ski Søthaugsfjellet Sunnfjord utsikt

Foto: Torje Bjellaas / Toppturar i Sunnfjord