Ta så av mot fv511 skilta mot Åsedalen. Følg vegen heilt inn til ­Kleppstølen der du kan parkere. Kjem du frå Førde, kan du ta ein snarveg over Hesjedalen.

Ta av frå rv5 mot Klopstad like etter Erdalen. Her er det 10 kroner i bompengar. Ta til høgre når du kjem over Espe. Følg vegen vidare til Kleppstølen. 

2.1.1 OPP VIA STEHOGESTØLANE ENKELT, E1, L

Frå Kleppstølen går du traktorvegen oppover til du kjem til Stehogestølane. Ta av frå traktorvegen og gå i søraustleg retning mot ein ås/rygg ved foten av fjellet, før du kryssar opp vestsida, og held fram mot Smådalsnipa i oversiktleg og lett kupert terreng. 

Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstigninga.

  • Tid: Kort 2-4 timar 

  • Starthøgde: 423 moh.

  • Sesong: Januar – april

  • Himmelretning: Nordvest 

  • Stigning: 510 høgdemeter 

  • Terrengformasjon: Side 

  • Brattaste punkt: 23-25 grader (700-800 moh.)

  • Tips: Alternativ nedkøyring: På veg oppover kan du sjå deg ut ei meir direkte nedkøyring frå toppen til stølen. 

  • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

Skikjøring topptur Smådalsnipa Sunnfjord
Skikjøring topptur Smådalsnipa Sunnfjord

Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord