Du startar relativt høgt, slik at området er sikra snø store delar av skisesongen.

Turen kan vere eit fint avbrekk på veg over den nasjonale turistvegen, eller du kan nyte solnedgangen som badar toppane på Gaularfjellet etter jobb. 

Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum følgjer du fv13 vidare til Byttevatnet i Viksdalen.

På austsida av Byttevatnet kan du parkere ved avkøyringa til ein skogsveg som går mot Bratteteigstølen.

7.5.1 Opp fra Byttevatnet ENKELT, E1, LV

Du kryssar elva Gaula like etter parkeringa og går i sørvestleg retning mot høgde 546 moh. Herifrå held du fram i sørvestleg retning til du nærmar deg skoggrensa, så legg du sporet i meir vestleg retning opp skålformasjonen mot toppen.  

Nedkøyring: Denne oppstigninga er den vanlegaste nedkøyringa. Du kan finne fine linjer i heile den austvende sida ned mot Risbotnelva. 

  • Tid: Kort 2-4 timar

  • Starthøgde: 500 moh.

  • Sesong: Desember - mai

  • Himmelretning: Aust

  • Stigning: 440 høgdemeter

  • Terrengformasjon: Side

  • Brattaste punkt: 24-28 grader (750-860 moh.)

  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.